Norge er blant dei land i verda som ligg dårligast an både når det gjeld førekomst og kor mange som døyr av føflekkreft. Dei siste åra har talet på tilfelle auka kraftig.

– Me ønskjer ikkje å skremma, tvert imot vil me at folk skal bli kjende med føflekkane sine. Føflekkreft er heldigvis ei kreftform som kan førebyggast, ikkje minst er den ganske enkel å behandla dersom den blir oppdaga tidleg, seier Anne Lise Ryel, generalsekretær i Kreftforeningen.

Bruk eitt minutt

At Norge ligg på verdstoppen i føflekkreft skuldast først og fremst to ting. Den auka førekomsten kjem av endra solingsvanar – at me er meir ute i sola, reiser meir til varmare strøk, og brukar solarium. Ei stor årsak til at mange i Norge døyr av føflekkreft, er at mange kjem for seint til legen.

Ei ny norsk solvaneundersøking har avdekka at berre 17 prosent meiner dei er i stand til å vurdera om ein føflekk er farlig. Nettopp difor må me læra kva me skal sjå etter.

– Me ønskjer at nordmenn skal bruka Hudkreft-dagen på å læra faresignala. Det kan redda livet ditt, seier Ryel.

Det viktigste du skal sjå etter er om ein føflekk har endra seg og ser annleis ut enn dei andre.

Kreftforeningen og norske hudlegar har laga ein enkel føflekktest som på eitt minutt lærer deg kva faresignal du bør gå til legen med: http://xn--fflekktesten-vjb.no/#/

Huda gløymer ikkje

Årleg får over 2200 nordmenn føflekkreft. Om lag 90 prosent av alle hudkrefttilfelle har samanheng med at me er blitt eksponerte for mykje sol eller solarium.

– Det kan virka paradoksalt at me i vårt solfattige land er i verdstoppen, men nettopp mangelen på sol gjer oss svoltne når solstrålane endeleg kjem, eller me reiser til dei. Då er det mange som bråsolar seg og blir solbrente, seier Ryel.

Når me får solskader, ordnar stort sett kroppen opp sjølv, men celler som ikkje reparerer seg samlar seg opp i løpet av livet og kan utviklast til hudkreft. Difor er det viktig å unngå solforbrenning og mykje soling gjennom heile livet.

For å unngå å bli solbrent er det mange nordmenn som velgjer å leggja seg i eit solarium i tru om at det gjer dei betre rusta, men det stemmer ikkje.

– Det er ein myte at det er lurt å ta solarium for å førebu huda til solferien. Det gir dårlig beskyttelse og du eksponerer deg berre for meir UV-stråling.

Slik kan føflekkreft førebyggast

Huda gløymer aldri! Blir ein solbrent eller eksponert for mykje sol, blir kroppens DNA skadd. Jo oftere ein blir solbrent og jo meir eksponert for sol ein blir, jo større er risikoen for å utvikla hudkreft.

Det viktigaste du kan gjera for å førebygga føflekkreft er å ha gode solvanar. Ta pausar frå sola, beskytt deg med solkrem med minst faktor 15 i Norge og minst 30 i utlandet, bruk klede, solhatt og solbriller.

Ikkje bruk av solarium! Ein stor norsk studie viser at kvinner som hadde solt seg i solarium 30 gonger eller meir hadde 32 prosent auka risiko for føflekkreft, samanlikna med kvinner som aldri hadde solt seg i solarium. Kvinner som starta å ta sol før dei fylte 30 år, var gjennomsnittleg to år yngre då dei fekk diagnosen, enn dei som aldri hadde brukt solarium.

Intens soling i korte periodar, slik som feriar og helgar, kan vera skadeleg. Ein norsk studie viste også at risikoen for å få føflekkreft aukar i takt med at vekta aukar. Den gode nyheita er at overvektige som går ned i vekt også blir mindre utsette for føflekkreft.

Her kan du lesa meir om føflekkreft og førebygging:

https://kreftforeningen.no/om-kreft/kreftformer/foflekkreft/

https://www.kreftregisteret.no/globalassets/publikasjoner-og-rapporter/arsrapporter/publisert-2017/arsrapport-2016_foflekkreft.pdf

www.kreftforeningen.no/solvett