Kreftforeningen sin aksjon «Krafttak mot kreft» blir arrangert dei to første vekene i mars kvart år. Årets aksjon rettar seg mot to krefttypar som har lav overleveleseprosent; lungekreft, der to av ti overlever, og kreft i bukspyttkjertelen, der under ein av ti overlever utifrå eit femårsscenario.

Eini Lerøy går fjerde året på TAF-linja ved Austrheim vgs. No er ho aksjonssjef for innsamlinga på skulen.

– Mormora mi døyde av bukspyttkjertelkreft, så for meg blir dette veldig relevant, seier ho, og legg til at sjølve aksjonsdagen er søndag 17. mars.

Men frå den 11. mars kjem elevane til å få utdelt bøsser og gå rundt til husstandane i distriktet.

Midlane frå årets innsamling skal gå til kreftforsking for å bidra til at fleire overlever, men også til utbetring av omsorgstilbodet for både pasientar og pårørande.

LUNGEKREFT: – Eg har opplevd pasientar på nært hald som har lungekreft, fortel Kristina Dahl, aksjonsleiar på Knarvik vgs. Foto: Privat

På Knarvik vgs. er det Kristina Dahl som er aksjonsleiar. Ho fortel at dei kjem til å gå rundt med bøsser den 17. mars, men at dei òg har «kick-off» på skulen 14. mars. Då vert det blant anna sal av kaker.

– Alle i styret kjenner nokon som har eller har hatt kreft så dette er noko me føle oss ganske berørt av. Sjølv går eg TAF Helse og jobbar på hjarteavdelinga på Haukeland. Nyleg opplevde eg at ein av pasientane var ramma av lungekreft, så då vert det ganske nært, fortel ho.

Aksjonsgruppa i Knarvik kjem også til å delta under Knarvik senter si markering den 16. mars.

Foto: Privat
Foto: Privat