Like etter at mannskapa frå Lindås, Meland og Modalen brann og redning hadde fått kontroll på flammane ved Vassbygdvegen, kom det klokka 15.21 melding om brann i fjellsida ved Ådlandsvegen i Meland.

Brannvernet er på veg til staden.

Brannen skal ikkje vera til fare for hus i området.

Husbrann

Klokka 16.04 kom det melding om nok ein brann, denne gongen i eit hus i Vassbygdvegen, i same området der brannvernet berre nokre timar tidlegare hadde vore vore for å ta kontroll på ein brann i terrenget.

Ein person som bur i huset har meldt frå om brannen. Vedkommande skal ha vore aleine i huset, så der er ikkje fare for andre. Politiet melder klokka 16.19 at brann og politi er på veg til staden.