Miljødirektoratet opplyser at det er mogleg å søkje økonomisk støtte til å rydde søppel langs strender, elvar og vassdrag.

Tilskotsordninga til tiltak mot marin forsøpling er for 2019 på 65 millionar kroner.

– Interessa for å vera med å rydda marint søppel dei siste åra har vore overveldande. Me håpar mange vil vere med å rydda i 2019 også, og oppfordrar alle som har ein god idé til eit prosjekt for å rydda søppel på strender og langs elvar og vassdrag, om å søka støtte frå Miljødirektoratet, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Frivillige kan søkje støtte til koordinering av ryddeaksjonar og transport og innlevering av marint avfall til godkjent mottak, inkludert fjerning av eigarlause fritidsbåtar.

Lokal innsats

I 2018 fekk dei ivrige strandryddarane i Neptun seniorklubb 300.000 kroner i støtte gjennom same ordninga. I lag med ungdommar samla dei inn kilo på kilo med avfall som låg i skjergarden.

Det vart også samla inn ein god del under den nasjonale strandryddedagen i mai i fjor. Statsminister Erna Solberg var blant dei mange som deltok under aksjonen i Meland.

IMPONERANDE: Seniorar i Austrheim, i lag med ein del andre krefter, har samla inn tonnevis med boss i den lokale skjergarden. Foto: Neptun seniorklubb

Prosjekt som har ein førebyggjande effekt kan også få støtte. Det gjeld til dømes informasjons- og rettleiingsmateriell, haldningskampanjar og workshops.

Det kan også søkjast støtte til metodeutvikling som bidrar til meir effektiv opprydding av marin forsøpling over heile landet.

Fristen for å søke om støtte er 31. januar 2019.