STOLT: Karl Kolstad, oldebarn til byggmeisteren som bygde kyrkja, gav uttrykk for at han er stolt av kyrkja. Kolstad gav ein kort historikk bak kyrkja på Manger.
SONG: Radøy Damekor, dirigert at Jurate Norkuviene (næraste), framførde tre songar. Det var ”Laudate Dominum”, ”The Prayer” og ”In Paradisium”.
SYNLEG: Det einaste synlege inne i kyrkja etter vøla, er dette stålkrysset i taket over galleriet.
SKRIFTLESING: Publikum fekk oppleva ein liten rekonstruksjon av det som skjedde under vigslinga i oktober 1891. Her er Erling Tjore (i midten) prosten, Magne Myrtveit (til venstre) yngste prest og Tore Morland bispen.
SKRUER: Dette bildet viser ein del av dei 10.000 skruene som no held kyrkja saman.
FULLSETT: Kyrkja var nesten fullsett på festkvelden laurdag
TAKKA: Kyrkjeverje Audun Sylta takka dei mange som har medverka til kyrkjevøla.

Manger kyrkje, populært kalla Nordhordlandskatedralen, er den største kyrkja i Nordhordland med sine 660 sitjeplassar. Kyrkja vart vigsla 27. oktober 1891, etter ein vanskeleg byggeprosess (sjå eiga sak).

Kyrkja er spesiell i utforminga i tillegg til storleiken, og det kan skuldast den tyske arkitekten, som var van med kyrkjer bygde i stein.

Manger trengde sårt til ei ny kyrkje før noverande kyrkje vart bygd. Då hadde Manger ei lita steinkyrkje som var i dårleg forfatning og lekk som ein sil, kunne Karl Kolstad fortelja under festkvelden laurdag. Kolstad er oldebarn til Karl Askeland, som var byggmeister for kyrkja.

Krav i lova

At kyrkja vart så stor som ho er, har samanheng med ei ny kyrkjelov, som sette krav til kor mange sitjeplassar ei kyrkje skulle ha i høve til folketalet i prestegjeldet. Og Manger var hovudkyrkja, også for folk i Øygarden.

– Kyrkja vart bygd på berre eitt år. Ho skulle kosta 27.000 kroner. Då ho vart bygd, hadde ho det høgaste tårnet i heile bispedømet, og høyrer de den flotte klangen i klokkene. Dei er tyske, kunne Kolstad fortelja.

Det var sjølvaste biskopen som stod for vigslinga av kyrkja i 1891, og dei frammøtte laurdag fekk oppleve eit lite gjensyn med det som skjedde den gongen. Salmane som vart sungne, passa og til markeringa.

Omfattande vøle

Men det var ikkje berre 125-årsjubileet som vart markert i helga. Det var og ei feiringa av at kyrkja no er opna att etter ei omfattande vøle for å stabilisera kyrkja.

For det vart oppdaga at kyrkja har bevega seg gjennom åra og kome ut av lodd, heile 26 centimeter. Det har vore frykt for at kyrkja kunne ta skade i sterk vind, og difor vart det bestemt at kyrkja skulle avstivast og forankrast i fjellet under kyrkja. Det er no gjort, nesten utan at det har sett synlege spor inne i kyrkja, og dei frammøtte fekk høyra ei detaljert framstilling av arbeidet som no er gjort.

Mellom anna er kyrkja forankra i grunnen med stålpillarar, og taket er avstiva med stålbjelkar. Det heile er stett saman med 10.000 boltar. Arbeidet har kosta 7,5 millionar kroner.

Første gong

– Me har aldri utført eit slikt arbeid før, men Multiconsult hadde laga ei skisse, fortalde dagleg leiar Helge Sandvik i H. Sandvik AS, som har hatt hovudansvar for arbeidet.

Sandvik vart intervjua av soknerådsleiar Gunnar Kartveit, som leia markeringa.

Arbeidet baud på mange utfordringar. Mellom anna skulle ein koma seg inn i kyrkja med tungt utstyr utan å gjera skade. Alle benker og anna inventar i kyrkja vart tekne ut og lagra i fabrikklokala på kaien. Også trappene opp på galleriet måtte takast ned, bit for bit, og setjast opp att etterpå.

– Og ikkje minst var me urolege når me skulle sveisa, for det kan lett oppstå brann, sa Sandvik.

Men alt har gått fint og etter planen. Fleire lokale firma, som RadøyGruppen og Knarvik Bygg, har og medverka.

Arbeidet i kyrkja førde med seg mykje støv, og etterpå er kyrkja vaska frå tak til golv. Det vart bemerka at kyrkja lukta reint, og at veggene har vorte lysare.

Stor takk

Kyrkjeverje Audun Sylta gav på festkvelden ei kort orientering om prosessen fram til vedtaket om vøle vart fatta. Han retta ein stor takk til Sandvik for godt samarbeid. Han takka dessutan kommunen og politikarane for at dei har løyvd pengar til arbeidet, og for konstruktivt samarbeid med Knarvik Bygg sin bas Tore Nyhammer.

Radøy Damekor under leiing av Jurate Norkuviene og akkompagnert av William Kay framførde tre vakre songar, mellom andre ”The Prayer”, og Kay deltok og med kraftfull og velklingande orgelmusikk på det gode orgelet i kyrkja.

Kyrkja var nesten fullsett under festkvelden, og etterpå vanka det fingermat på dei frammøtte.