GLAD I DØRER: Ei av mange gamle dører på garden.
TIL LØA: Her er Karstein på veg ned til løa. Legg merke til stien i naturstein og det grøne rekkverket.
PÅ KJØKKENET: Her er Inger og Karstein på kjøkkenet på bruk nummer fire.
BERGENSMOTIV: Motiv av gamle Bergenshus er måla rett på veggen.
SAMLEMANI: I løa har Karstein dekorert ein heil vegg med bilde av folk, bussar og båtar frå Lindås.
INGER SITT MUSEUM: I "uthuset" har Inger laga museum med kjøkkenting.
KINOPIANO: Dette pianoet stod ein gong i gamle Eldorado kino i Bergen.
STOVA: Ei av to stover på bruk nummer fire.
MYKJE RART: I løa har Karstein samla og stilt ut dei utrulegaste ting. Her er alt frå ei utstoppa kråke, til piano, platespelar, ølkrus og bibelsitat på veggane.
KAIEN: Der kabelferja går i land på Tvibergnes.
KABELFERJA: Kabelferja som vert brukt mellom Lauvås og Tvibergnes er den same som tidlegare gjekk frå Åsgard til Vetterstø i Lindås.

Det er mange fine hus i distriktet vårt. I år har juryen som deler ut prisen vore ute og kikka på tre gode kandidatar. Dei fall for bruk nummer tre og fire på Tvibergnes i Lindås kommune.

Eiga kabelferje

Berre turen ut til eigedommen er ei oppleving i seg sjølv.

For å komma til Tvibergnes, kjører du til Lauvås og inn på ein stikkveg som fører fram til Nordhordlands minste ferjeleie. Her ligg ei lita raudmalt kabelferje.

Ferja er den same som ein gong frakta folk og møblar mellom den gamle møbelfabrikken på Åsgard og Vetterstø.

– I 1973 kom Rafinor AS til naboen vår her på øya, Rasmus Tyborgnes, for å få løyve til å ta vatn frå Nesvatnet og føra det til Mongstad. Dette vart avtalt og som takk for lånet vart det bygd veg frå RV 57 og ned til sjøen. Då vegen var på plass, vart den gamle Åsgardferja, som låg på land inne på Veland rusta opp, og sidan har ho vore i bruk her, forklarer Karstein i det han set ferja i bevegelse.

700 meter veg

Det er ikkje meir enn om lag 700 meter med veg på den andre sida, men Karstein har frakta over nokre gamle militærkjøretøy som han brukar når han skal ha med seg folk og varer frå kaien og inn til eigedommen. Vegen er akkurat brei nok til at Karstein kjem fram med bilane sine, og han sluttar like ved bruk nummer tre.

– Tidlegare var det fem bruk på øya her. No er det berre ein fastbuande her. Me andre som er her er hyttefolk, seier Karstein.

Der vegen sluttar, er det sett opp eit skilt som viser veg til "Dei dar borte", "dei dar nor", "Dei dar oppe"...

– Det er skrive på dialekt, for det var jo slikt dei sa før i tida, seier Karstein og ler.

Fekk ikkje selt

Karstein er oppvaksen på Lindås, og det var far hans Eilif Stene (1899-1968) som i si tid kjøpte bruk nummer tre og bruk nummer fire på Tvibergnes. Eilif var lensmann i Lindås frå 1933 til 1967. På den tid hadde ikkje lensmannen berre ansvar for å fanga kjeltringar, han var også ein hjelpesmann for alle som ville selja eigedom og agent for Norges Brannkasse, der ein kunne kjøpa forsikringar.

I 1962 vart han kontakta av to naboar på Tvibergnes som bad han selja gardane deira, men det skulle visa seg å vera vanskeleg.

– Far prøvde å selja gardane i to år utan hell, og det enda med at han kjøpte begge eigedommane sjølv for 20.000 kroner. Det var nok ein vanleg takstpris på slike eigedommar på den tida, seier Karstein.

Sette husa i stand

Å vedlikehalda gardar på ei veglaus øy, er ei krevjande oppgåve, og Eilif Stene overtok to gardar som trengte eit stort ansiktsløft.

– I det eine bustadhuset, var det hol i taket så vatnet rann gjennom loftetasjen og ned i stova. Første gong eg kom inn her stod det masse bøtter rundt på golvet her for å samla opp vatnet, minnest Inger.

Far til Karstein begynte arbeidet med å setja husa i stand. Då han gjekk bort i 1968, tok Karstein og eine broren , Erlend, over kvar sin gard, og for nokre år sidan, då Erlend døydde, kjøpte Karstein og Inger garden etter han. Difor eig dei no begge gardane.

Familien har ved hjelp av fagfolk, vener og med mykje eigeninnsats rusta opp gardane.

Samlemani

Dei har mange prosjekt.

På 1990-talet fekk Karstein og Inger hjelp av fagfolk til å byggja oppatt ei løe som hadde ramla saman. Og med åra har dei innreia løa og kjellaren i det dei kallar "uthuset", til små museum.

– Eg har slått meg laus i uthuset og så har han fått utfalda seg i løa, seier Inger.

Begge har samlemani, og likar gamle ting.

Inger har laga ei utstiling av koppar, kar, boksar, skåler, kjøkkenreisakar og maskiner som var vanlege på gardane før i tida. Og Karstein har tatt vare på militæreffektar, gamle bilde av folk, rutebåtar og rutebilar i Lindås, maleri, bilde frå Svalbard, utstoppa fuglar, ølkrus, møblar, gamle lensmannspultar, eit piano frå gamle Eldorado kino i Bergen og veldig mykje meir.

Det heng ting over alt på veggane, og nokre stader også i taket. Uansett kor du snur deg er det noko å sjå på. Det er ein slik stad der ein kan stå å sjå seg rundt i fleire timar og stadig oppdaga nye ting og detaljar.

Kjærleik for dører

Karstein har drive eige malarfirma, og han har sans for gamle dører og bygningsdelar. Det ber også garden preg av.

– Denne døra er frå 1700-talet. Ho stod eigentleg i huset til bror min, men han var ikkje så opptatt av slikt, så då fekk eg overta ho, seier Karstein og viser fram ei høg og smal dør i solid treverk.

Han har også sikra seg grøne smijernsrekkverk av den typen ein kan sjå i Bergen sentrum, og han har fått mura opp veg ned til løa og andre stadar på eigedommen med naturstein. Det er også gjort mykje for å halda vegetasjonen rundt husa nede. Ein stad har han begynt å bygga på ein liten park, og rundt husa er det planta til med rododendron og andre plantar. Det meste er visna på denne tida av året, men det er ikkje vanskeleg å skjøna at det er eit flott syn om sommaren.

Bergenshus på veggen

Medan Karstein målar hus og dører, liker Inger å måla bilde. Mange av veggane i bygningane på garden er dekka av bilde ho har laga. I eitt av bygga er det også måla motiv frå Sandviken direkte på veggen. Desse bilda er det ikkje Inger som har måla, men motivet er måla spesielt til henne, som er oppvaksen blant kvite trehus i Bergen.

Likar selskap

Dei to brukar mykje tid på Tvibergnes. Det gjer også dei vaksne borna deira og barneborna. I tillegg likar dei å invitera med seg vener og kjente hit. Dørstokkmila, Rotaryklubben og nokre andre grupper har også fått komma innom. Og får du mulegheit til å ta ein tur til eigedommen deira på Tvibergnes, gjer du lurt i å takka ja. For her er det uvanleg mykje å sjå på. Både ute og inne.

Dei to fekk tildelt bygnings-og bumiljøprisen under ei samling hjå Nordhordland rotaryklubb i Knarvik. Prisen er eit samarbeidsprosjekt mellom rotaryklubben, Regionrådet i Nordhordland, lokale bondelag og Strilen.