• Kva konsekvensar får korona får innbyggarane og næringslivet i Nordhordland? Tips oss gjerne på desk@strilen.no

Heile samfunnet har blitt sett på prøve under koronakrisa, og særleg helsevesenet har opplevd store utfordringar med enorm pågang og tilsette som har blitt smitta eller hamna i karantene.

Alver kommune søker no, til liks med ei rekke andre kommunar landet rundt, etter fleire folk med helsefagleg bakgrunn.

– Kapasiteten er pressa

«Kanskje arbeider du med andre oppgåver i dag, og har moglegheit til å hjelpe Alver-samfunnet i denne ekstraordinære situasjonen?»

– Kapasiteten er pressa i helsevesenet vårt. Vi brukar mykje ressursar på korona-tiltak. No vil eg oppfordre personar med helsefagleg kompetanse, som ikkje allereie er i aktiv teneste om å melde seg til innsats, seier Alver-ordførar Sara Hamre Sekkingstad.

Dugnadsånd

– Vi er svært takknemlege for alle som ønskjer å bidra. Den dugnadsånda som folk no viser er heilt spesiell, held ho fram.

Alver kommune seier dei fortløpande vil kontakte og gjere avtale med aktuelle personar som har registrert seg. Trykk her for å melde deg.

Spørsmål? Ta kontakt med HR-leiar Kathrine Martinsen, kathrine.martinsen@alver.kommune.no, 402 39 734 og fagansvarleg på HR-avdelinga Helge Tangen, helge.erik.tangen@alver.kommune.no, 945 03 156.

Også Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass diakonale sjukehus treng folk med helsefagleg bakgrunn.