– Om prognosen slår til, så vil dette bli rekordvêr for Bergen og Nordhordland, sa vakthavande meteorolog i vêrvarslinga på Vestlandet, Geir Ottar Fagerlid før stormfloa tysdag kveld og natt.

Prognosane viste at det sjøen kunne gå 250 cm over sjønivå. Resultatet vart høg sjå dei fleste stadar, men antakeleg eit hakk under dei mest dryge prognosane. I Bergen og Knarvik, for eksempel, passerte vatnet 239 centimeter over sjøkartnull ved midnatt.

Erlend Nordland Kristiansen

Høg sjø på Frekhaug

Rundt klokka 12.30 tysdag var det ein ny flotopp ved Frekhaug.

Måndag var det registrert 239 centimeter over sjåkartnull (eller LAT, lågaste astronomiske tidevatn) ved Frekhaug. Tysdag nådde sjøen 209 centimeter over sjøkartnull, noko som også er bra høgt. (Til samanlikning: Då det var fjøre på Frekhaug klokka seks tysdag morgon var det 87 centimeter over sjøkartnull.)

Siste innlegg

Har du tips eller spørsmål om dette emnet? Vi vil gjerne høre fra deg!

Send inn
Erlend Nordland Kristiansen
Erlend Nordland Kristiansen

Sætrevik på Holsnøy ​

Foto: Therese Birkeland

User image

Erlend Nordland Kristiansen

Båt under vatn i Austrheim

Denne båten på Kalandsjøen i Austrheim har nok sett betre dagar.

Erlend Nordland Kristiansen

Vått på Lurevegen

Fleire kaianlegg stod under vatn då stormfloa nådde sitt makspunkt etter midnatt tysdag. Også vegen til Lygra blei – ikkje overraskande – dekt av sjøvatn.

Både Leirvåg-Sløvåg og Fedje-Sævrøy hadde innstillingar, men ferjesambanda går som normalt tysdag.

Les "flo-reportasjen" vår her.

Erlend Nordland Kristiansen

Stormflo på Fedje

Desse bilda frå Morten Øien viser stormfloa som går høgt på Fedje.

Erlend Nordland Kristiansen

Bilde frå Austrheim

Andreas Brandtun Stokholm i Austrheim har sendt desse flo-bilda frå Solesjøen i Austrheim

NPK/Erlend Nordland Kristiansen

Spektakulært for mange

Det var ikkje berre på strilelandet at vatnet gjekk høgt. Mange nyfikne møtte opp langs Vågen i Bergen for å få med seg "Stormflo – minutt for minutt".

I Bergen slo vatnet inn over Dreggekaien i Bergen ved 23-tida, men Bryggen var aldri skikkeleg trua.

Berre éin gong tidlegare i historia har vasstanden vorte målt høgare. Det var i 1990, då rekorden var éin centimeter høgare – 240 centimeter, melder Meteorologisk institutt.

Henrik Hauken

Fedje du Fedje

Henrik Hauken

Kaien på Litlebergen

Slik ser det ut på kaia på Litlebergen på Holsnøy.

Henrik Hauken

Vatnet er høgt på Fedje no

Henrik Hauken

Vått og godt på Fedje

Vatnet stig raskt, og har komen høgt, som her på Fedje. 

Henrik Hauken

No stig vatnet raskt! 

Det er venta at "Elsa" vil nå sitt høgaste punkt rundt 23:30, og skilnaden er stor for kvart einaste minutt.  

Henrik Hauken

Vil bli meir vanleg i framtida

Klimaforsker Helge Drange er tilknytta Bjerknessenteret, og er professor ved Geofysisk institutt i Universitetet i Bergen.

Han seier til NRK radio at ekstremvêr vil bli meir vanleg i tida som kjem.

Han peiker på at lågtrykka vil bli sterkare og havnivået vil stige grunna globale klimakrisen.

Kjell Arne Steinsvik

Difor er floa ekstra høg i kveld

Eit sterkt lågtrykk i Nord-Atlanteren kombinert med pålandsvind fører til at sjøen stig til nye høgder langs kysten ved midnatt.

Flo og fjøre vert styrt av månen og sola. Når dei står nærast på linje, ved nymåne og fullmåne, kallast det springflo. Dette skjer om lag annankvar veke. Når sola og månen står på motsett side av jorda, vert det nippflo. Då er skilnaden på flo og fjøre minimal.

Djupnene i sjøkart er basert på den lågaste fjøra forårsaka av himmellekamane, såkalla sjøkartnull eller LAT (lågaste astronomiske tidevatn).

I motsett ende har ein den høgste floa, HAT (høgaste astronomiske tidevatn), som i sjøkart vert brukt for å angi avstanden frå sjøoverflata opp til luftspenn og bruer.

Ved lågtrykk og pålandsvind, kan vêret påverke floa ut over dei astronomiske drakreftene. Då får ein stormflo. Når både springflo og stormflo skjer samstundes, får ein situasjonar som i dag, då sjøen er venta å stige opp til 246 cm over sjøkartnull/LAT.

I motsett ende, kan høgtrykk og frålandsvind påverke fjøra og gje tidevatn som går under sjøkartnull.

Henrik Hauken

– Oppover, oppover, oppover

Dei siste prognosane før flomtoppen i natt kom til Vêrvarslinga på Vestlandet klokka 19.00 i kveld.

– No skal vasstanden berre gå oppover, oppover, oppover. Det er berre å vente å sjå korleis det går, men eg reknar med at vi kjem over raudt nivå, seier meteorolog Trond Thorsteinsson til BT.

Rekorden er frå 1990 som låg på 240 centimeter over sjøkartnull (vanleg vasstand).

Henrik Hauken

Ferje innstilt

Grunna meget høg vasstand blir dei to siste avgangene frå Slåvåg (21:45 og 22:45) innstilt.

Det same gjeld avgangene (22:15 og 23:15) frå Leirvåg. 

Det melder Fjord 1.

Henrik Hauken

Sjølv krabben vil ikkje i vatnet i dag

På Fedje blei krabben redd floa og kom seg på land. 

Henrik Hauken

Dei sikra på "andre sida av brua"

I Bergen var dei i full gong med sikring i 16:30-tida måndag. 

Har du hugsa å sikre båten?

Kjell Arne Steinsvik

Mykje pålandsvind 

Eit kraftig lågtrykk i Nordsjøen. At floa er så høg akkurat no, er ein kombinasjon av astronomiske forhold (springflo) og meteorologiske forhold (stormflo).