Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt ut farevarsel på gult nivå for flaum- og jordskredfare i Vestland fylke.

Faren aukar søndag kveld, og vil minka måndag kveld, ifølgje NVE.

– Bratte skråninger, og dessutan bekker og elveløp med stor vassføring, er spesielt utsett. Fare for utløysing av sørpeskred gjeld særleg i område med meir enn 40 centimeter snø. Sørpeskred kan løysast ut i relativt slake hellingar der vatn vert samla opp, heiter det i varslingstenesta til NVE, varsom.no.

Vått kvar dag: – Intenst

Faren kjem av mykje nedbør og mildvêr som fører til snøsmelting.

– Det er ein ganske så våt veke vi har føre oss neste veke. Marka er ganske metta no og når det blir snøsmelting i tillegg, blir det fare for skred, seier vakthavande meteorolog, Per Egil Haga, ved Meteorologisk institutt til Bygdanytt.

På Vestlandet vil snøgrensa stiga til opp mot 1.500 meter over havet.

Måndag og tysdag vil bli dei aller våtaste dagane, samtidig som det er meldt mellom 6 og 8 varmegrader.

– Det er mest instenst måndag og tysdag, så blir det litt tørrare onsdag, men så blir det påfyll med regn igjen kvar dag resten av veka, melder Haga.