– Brannvernet kjører likevel fram til brannen, for å kontrollera med varmesøkande kamera at brannen er heilt sløkt, seier Christer Skei på 100-sentralen.

Kva som starta brannen, kan han ikkje seia noko om, men det var ingen folk i vogna då det tok til å brenna og vogna står på privat eigedom i Haukåsvegen.

Brannen blei varsla klokka 16.42 og meld sløkt seks minuttar seinare.

Klokka 17.11 stadfesta brannvesenet at brannen er sløkt.

Politiet var også på staden. Dei har oppretta ei undersøkingssak etter brannen.