Kvar første torsdag i månaden lagar nemleg Raspeballgutta, som dei kallar seg, middag til sambygdingar og andre som vil ha tradisjonell torsdagsmiddag.

Då Strilen kom på besøk var det 85 middagsgjestar innom. Det var 15 meir enn førre rekord.

Glad i mat

Fire timar før dørene opnar er dei på plass for å gjere klart. Det er store mengde mat det er snakk om; 240 raspeballar, 30 kilo kålrot, 15 kilo fårekjøt, 10 kilo svinekjøt og 7 kilo bacon. Vel, ikkje alle er der før tolv. Nokre av dei er litt treige om morgonen.

Siv Glesnes (til venstre) og fleire andre på bordet hennar kjem frå byn for å ete middag på Hundvin. Foto: Silje Alvsaker

Oddmund Skår, Leif Træland, Inge Glesnes, Agnar Konglevoll, Tor Bjørn Gjerstad og Magne Fjellsbø er gjengen som utgjer Raspeballgutta.Ideen om raspeballmiddag fekk dei på ein tur til Irland for fem år sidan.

– Det var lite aktivitet i bygda. Vi er pensjonistar, og glade i å lage mat, seier Oddmund.

Overskotet går til drifta av ungdomshuset.

Litt historie

Ingen veit heilt kvifor det er torsdag som er raspeballdag på Vestlandet. Ein teori går ut på at raspeballar var fattigmannskost, og blei laga på torsdagar slik at ein berre kunne steika restane fram til sundagsmiddagen. Sundagsmiddagane blei det gjort meir stas på.

Faktisk har Wesselstuen i Bergen servert raspeballar på torsdagar i over 60 år.

Historias første raspeball her til lands inneheldt faktisk ikkje poteter. Ordet raspeball blei funne første gong i ei ordbok frå 1646. ## Bestefar

Elise (7) og systera Karina (4) kom på besøk på ungdomshuset for å ete raspeballar, slik dei har gjort mange gangar før. Dei besøker bestefar Magne på kjøkenet.

Elise og Karina stikk innom for å kose og klatre litt på bestefar Magne Fjellstø. Foto: Silje Alvsaker

Magne Fjellsbø går konstant og hipsar på forkleet, som sig ned. Det hjelp ikkje at bornebora klatrar på han.– Magen min er blitt for liten.

Inge og Agnar er begge kokkar. Agnar har jobba på kjøkenet på Dalheim i 40 år.

– Han her er stuertutdanna, seier Magne om Inge.

– Vi har berre søndagsskulen vi, seier Agnar.

– Men vi strauk der òg.

Frå byn

– Det er kjekt å vere her, og det er god mat. Så langt det passer kjem vi for å ete middag, seier Siv, som er dottera til sjefskokk Inge.

Ho likar faren sine kjøtkakar best, det er dottera Ida einig i.

– Det tek ein god time å kjøre hit, men vi kjem kvar gang, seier Siv.

Raspeballgutta har sjølvsagt fått laga matchande t-skjortar. Foto: Silje Alvsaker

Ho og Ida har kjørt heilt frå Vadmyra for å ete middag på Dalheim. Men dei er ikkje dei einaste, det kjem folk får Fyllingsdalen og Loddefjord òg.– Det har vore opp til 17 personar som har kome heilt frå byn, seier Oddmund.

Ein annan som er grådig begeistra for det lokal middagstilbodet, er Asbjørn Solheim.

– Dette er kjempegreier! Så god mat og så billig. Eg går her kvar gong.