Mannen, som er i byrjinga av 40-åra, er ikkje ny for politiet.

– Han blei først teken med narkotika på seg. Etter det har me halde han under oppsikt, og i går bestemte me oss for å ransaka heimen hans, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg.

Sjølv om dei fann ein del, er beslaget i den store samanhangen for mindre å rekna. Difor er det usikkert kva reaksjon vedkommande kjem til å få.

– Det kan bli førelegg eller saka kan hamna i retten. Det kjem an på kor mykje han har på seg frå før, seier lensmannen.

Om narkotikaen berre var til eige bruk eller om mannen dreiv med sal, kan ikkje lensmannen seia noko om sidan saka er under etterforsking.