Me har samla ein oversikt med webkamera frå skiløypene Stordalen i Masfjorden, i Furudalen og Eikedalen på Kvamskogen, i Myrkdalen og på Bavallen på Voss. I tillegg får du fleire anlegg «austafør».

Påskemoro i Stordalen

For det næraste skitrekket, Stordalen Skisenter, melder Arne Berg om at det er litt lite snø men likevel brukande forhold i trekket.

Tysdag var det bra med folk i dei oppkjørte langrennsløypene, og på tur vidare kring Stordalen.

Fredag er det påskemoro i skisenteret med mellom anna Nisserenn og Skicross. Påskeafta er det påskedans på Stordalen fjellstove.

Håp for fredag?

Trykkjer du på spelarvinduet til kvart enkelt kamera, kjem du inn og får sjå ei utvikling av vêret dei siste 24 timane - fram til siste, nylege oppdatering.

Onsdag føremiddag er det eit visst håp om godvêr på Kvamskogen og Voss langfredag. Men før du tar turen, kan du altså sjekka vêrforholda her.

Webkamera i Stordalen:

Webkamera i Eikedalen på Kvamskogen

Webkamera i Furudalen på Kvamskogen:

Webkamera i Myrkdalen på Voss:

Webkamera på Bavallen på Voss:

Webkamera på Geilo:

Webkamera i Hemsedal:

Webkamera Nesbyen Alpinsenter:

Webkamera Hafjell:

Webkamera Golsfjellet:

Webkamera Trysilfjellet:

Webkamera Sjusjøen:

Webkamera Kirkerudbakken i Akershus: