Brannsjefane i Austrheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen innfører totalforbod mot å gjera opp eld utandørs, gjeldande frå og med tysdag 17. juli klokka 08:00.

Bakgrunnen er alle utrykkingane dei siste dagane, der det fleire stader har teke fyr i terrenget ulike stader.

– Forbodet gjeld til me har hatt nedbør av betyding, heiter det i ei melding frå brannsjefane.

Det vert kunngjort når forbodet er oppheva.

Totalforbodet mot å gjera opp eld utandørs inneber at:

– Det er ikkje lov å tenna opp små kaffibål, eingongsgrillar, kulegrillar, bålpanner, gassgrillar, stormkjøkken og andre kokeapparat med brennstoff utandørs.

– Det er ikkje lov å grilla eller tenna opp bål i nærleik av skog og mark.

– Det er ikkje lov å tenna bål eller grilla i strandsona.

– Det er ikkje lov å tenna opp bål eller grilla på dei vanlegvis godkjente og tilrettelagde bål- og grillplassane.

– Det er ikkje lov å brenna hageavfall, sjølv på eigen tomt.

Forbodet gjeld ikkje:

Kontrollert bruk av gassgrill og el- grill i eigen hage.

Men all anna grilling er forbode!