Om ein ikkje alt har tatt påskeferie, blir utfartsdagen i dag, onsdag, for «resten av bermen». Det betyr at det kan bli mykje trafikk på vegane, og at ein difor må smøra seg med litt ekstra tolmod.

– Mange har reist

Ein stad det er fare for kø er i Vågsbotn, kor påsketuristar mot både Nordhordland, Voss og Hardanger møtest.

Frå 13-tida onsdag har det vekselsvis vore ein del kø frå Vågsbotn i retning Nordhordland. (sjå direktevideo lenger nede).

Då Strilen snakka med trafikkoperatør Morten Hansen i Vegtrafikksentralen i 9-tida på morgonen var han optimist for dagen.

– Det verkar som om mange har tatt turen gjennom helga som var. Rapporten er at det var godt med utfart både fredag, laurdag og søndag.

Sjølv om mange er «fastlåste på kontoret» til onsdagen, var han likevel ikkje uroa.

– Me får sjå litt an korleis det blir etter klokka 12, men me trur ikkje det blir så ille. Me forventar at trafikken spreier seg litt utover, seier Hansen og peikar på at barn har skulefri og at mange jobbar halv dag.

Trafikkoperatøren fryktar heller at påskenedfarten blir meir langsam. Det fine vêret gjer at mange kjem til å bli verande på hyttene lengst mogleg.

Vågsbotn direkte:

For siste trafikkmeldingar, besøk Vegvesenets nettsider.

Ta det med ro

Uansett er det om å gjera og ta det med ro. For fram kjem ein uansett, men helst gjer ein det utan å få bøter.

– Me har folk på vakt 24/7 og alle patruljane har fått i oppgåve å følga med på vegane og gjennomføra kontrollar både dag og natt, fortalde lensmann Kjell Idar Vangberg til Strilen tidlegare i veka.

Han ber folk droppa forbikjøringane.

– På dagar med mykje trafikk er det ekstra viktig at folk kjører fornuftig. Ta livet med ro og nyt ferien, og prøv å unngå forbikjøringar. Du sparer lite tid på å kjøra forbi ein bil eller to eller tre, men risikoen for ulukker aukar, seier lensmannen.

Tidlegare i mars skreiv media om den hasardiøse forbikjøringa på E16 mellom Vinje og Voss. Då var det berre små marginar før ein hadde ein frontkollisjon. Ulykka blei filma frå to ulike dashbord-kamera og skapte stor oppstandelse i kommentarfelta.

Romarheimsdalen - trykk for oppdatert bilde

E39 Romarheimsdalen Foto: Statens Vegvesen

Vågsbotn - trykk for oppdatert bilde

E39 Vågsbotn Foto: Statens Vegvesen

Stordalen - trykk for oppdatert bilde

FV381 Foto: Statens Vegvesen

Ostereidet - trykk for oppdatert bilde

E39 Ostereidet Foto: Statens Vegvesen