Allereie måndag kan du høyre Strilen si nyaste satsing - podkasten «Fjeld og Hauken».

Bak podkasten står Henrik Hauken, som nyleg blei tilsett som journalist i avisa, og Strilen-redaktør Eirik Langeland Fjeld

– Vi ønskjer å ta i bruk dei mogelegheitene teknologien gjev oss. Det er lenge sidan Strilen berre var ei papiravis, slår redaktøren fast.

Underhaldning

Kvar veke skal duoen snakke med kjende og aktuelle namn i Nordhordland.

– Kome under huda på dei, rett og slett, forklarar Hauken.

– Kvifor ønskjer dokker å satse på podkast?

– Vi i Strilen har ein ambisjon om å vere til stades der lesarane er. Så ser vi også at vi i større grad må oppsøke lesarane våre. Der lesarane tidlegare kom til avisa, må vi no ut til lesarane, seier Fjeld og held fram:

– Så har podkast verkeleg fått ein ny vår, og er blitt veldig populært i store grupper av befolkninga.

– Ja, så trur eg folk har eit stort underhaldningsbehov i ein hektisk kvardag. Der kjem podkasten inn, seier Hauken.

Ønskjer innspel frå deg

Det har allereie vore gjestar i podkast-studioet i Knarvik, men verken Fjeld eller Hauken ønskjer å røpe kven dette er før den store premieren måndag.

No ventar duoen spent på tilbakemeldingane frå lyttarane, og håpar at folk også vil kome med innspel til kven dei ønskjer skal gjeste studioet.

– Vi er alltid glade for gode tips, seier Hauken.