SISTE: Mannen er funnen i god behald, melder politiet: «Blir tilsett av helsevesen. Leteaksjonen avsluttes.»

Gjekk på tur

Mannen, som bur heime saman med kona si, gjekk på tur klokka halv ni i dag tidleg. På turen frå Hordabø Idrettspark og innover i Bømarka, plar han bruka ein time.

– Då han ikkje kom heim til vanleg tid, var kona redd noko kunne ha støytt til han og pårørande gjekk difor ut og leita etter han, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt Bjarte Rebnord.

Men dei fann han ikkje, så om lag klokka 12.30 ringte dei politiet som straks sette i gang ein omfattande leiteaksjon.

Sea King og hundepatrulje

Eit Sea King-helikopter med varmesøkjande kamera var med å undersøka området. Det same gjorde politihundar og politipatruljar.

Det vart også meld at brannvesenet med båt, dykkarar og drone rykka ut til staden. Det same gjaldt Røde Kors og redningshundar.

– Det er fleire vatn i området, så viss me ikkje finn han andre stader, må alt sjekkast, seier Rebnord.

Den 85 år gamle mannen hadde på seg mørkegrønt regnsett, støvlar og mogleg blå hue/hatt. Han er 1,73 meter høg og har blåe augo.

– For alt me veit kan mannen ha komme seg opp på hovudvegen ein annan plass, så folk må også vera observante på folk dei sert langs vegen, seier Rebnord.