Nye troll er blitt observerte

Populasjonen av troll på Radøy er større enn først antatt.

Publisert:

Gukkå koselege dei er! Foto: Cathrin Færøykavlen

  1. Cathrin Færøykavlen

  2. Cathrin Færøykavlen

  • Erlend Nordland Kristiansen
Les også

Møtte troll på høglys dag

Den siste tida er det blitt observert ulike troll i Grønfjellstraktene og på Morkenfjellet på Radøy.

No kjem det rapportar om at fleire troll er observerte på den grøne øya: Både på Nøttveitveten (like ved Morkenfjellet) og lenger nord, på Risnes, er det gjort observasjonar av desse søte, små og tilsynelatande ikkje så skumle trolla.

Det er førebels ikkje slått fast om det er snakk om arten kosetroll, kommentarfelt-troll, koronatroll eller gode, gamle skogstroll. Strilen er på jakt etter ein trollekspert som kan greie ut om desse sjeldne observasjonane, men så langt står vi utan hell.

Har du sett troll? Send oss gjerne eit bilde til desk@strilen.no eller Facebook/Messenger.

Troll som bur i Grønfjellstraktene på Radøy. Foto: Marit Fosse Sæthre

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Margunn har besøkt over 80 land

  2. Syklisten prøvde å sykle gjennom her

  3. Mann i 70-åra omkom

  1. Radøy
  2. Troll