– Pappa har parkinson, og det gjer det vanskeleg for han å snakka i telefonen. Å kunna besøkja han på denne måten er difor heilt genialt, seier dottera Benedikte Rognsvåg Henriksen.

I helga var andre gongen ho snakka med faren på messenger.

Rosar sjukeheimen

– Dei er veldig flinke på sjukeheimen, så alt for to veker sidan fekk eg spørsmål frå ein av pleiarane om eg hadde lyst å snakka med pappa på messenger sidan eg ikkje kunne besøkja han. At dei no utvidar tilbodet er veldig bra. Det er eit stort sakn å ikkje kunna besøkja han, og det blir lange dagar for han utan besøk, seier Benedikte som bur i Bergen.

I og med at faren har vanskeleg for å prata, får dei ein heilt annan kontakt på messenger enn om dei måtte snakka i telefon, forklarer ho.

– Med messenger ser eg at han har det bra og han ser at me har det bra. Og så kan han helsa på dei andre i familien også, seier Benedikte.

Fedje sjukeheim. Foto: Gunn Berit Wiik

Skulle berre mangla

Det var like før helga Fedje sjukeheim gjekk offisielt ut med det nye tilbodet. Og grunnen var enkel.

– Når folk på grunn av smittefare ikkje kan besøkja sine kjære på sjukeheimen, blir det eit sakn både for brukarane og dei pårørande. For brukarane blir det også veldig lange dagar. Difor var det minste me kunne gjera for dei, å prøva å få til ei digital løysing, seier styrar Nadine Gutte-Preusse.

Ideen fekk ho då ho såg i ei nettavis at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har gitt 400.000 kroner til innkjøp av nettbrett på alle aldersheimar og eldresenter i Sogn og Fjordane.

– Me var heldige og fann ein ipad på skulen som ikkje var i bruk, seier ho.

Bratt, men nyttig læringskurve

Utfordringa var korleis dei skulle gjera det reint praktisk. Men no har dei landa på at pårørande som vil snakka med bebuarane, først ringjer sjukeheimen og avtalar kven dei vil snakka med. Deretter ringjer vedkommande opp sjukeheimen via Facebook/messenger, Facetime eller Skype med brukarnamn dei får oppgitt. Og så satsar dei på at teknikken fungerer.

Og det gjorde det i alle fall i helga, så no skal dei finpussa på tilbodet og gjera det endå meir kjent og tilgjengeleg blant dei pårørande, fortel Nadine.

Ho vedgår at den digitale læringskurva med dette har vore bratt for enkelte, men at no når dei kan det, er det ingen grunn til ikkje å fortsetja med tilbodet også etter korona.