– Går det an å levere inn kryssord no? spør Arvid Sakseide, og har med seg Strilen-kryssord.

Han er ein av fire som har samla seg for å snakke om favoritthobbyen sin; kryssord. Eigentleg er det Lars Inge Kjemphol som er bindeleddet her. Det er han som ringer for å spørje om han lurar på noko.

Men Arvid har ikkje berre Strilen-kryssordet i handa, han har òg ein twistpose med, i tillegg til eit heimelaga kryssord som han deler ut.– Har du premie òg? spør Solveig Hella.

Fingrane begynner straks å bli rastlaus. Ho treng ein penn.

Nokre spørsmål

Enkle kryssordoppgåver fantes i Storbritannia allereie på 1800-talet. 21. desember 1913 publiserte den britiske journalisten Arthur Wynne ein ny ordleik i avisa New York World. Wynnes «Word-Cross Puzzle» inneheldt det meste av det dagens kryssordoppgåver gjer. Nyvinninga spreidde seg fort, og i 1921 rapporterte det offentlige biblioteket i New York om korleis kryssordløysarane okkuperte ordbøker og leksikon. Til Norge kom det heile rundt 1925 via Storbritannia.

Strilen har samla fire pensjonistar som alle har løyst kryssord lenge. Dei fire blir plutseleg stille og sit berre og ser på kvart sitt ark medan dei løyser Arvid sitt kryssordet i hovudet.

IVRIG: Solveig fekk utdelt Arvid sitt heimelaga kryssord, og klarer ikkje vente med å løyse det.

– Er du litt inspirert av Hansen? spør Lars Inge.Noko Arvid bekreftar.

– Skal du skrive i den ruta? spør Ellen.

– Det skal vere ganske sjølvforklarande, men nokre spørsmål tåler eg, svarar Arvid.

Hansen-fans

Hansen, som dei alle kjenner så godt, er Rolf Hansen, mangeårig kryssordmakar for Dagbladet. Han starta for over 40 år sidan å lage kryssord, og har blitt ein slags kryssordkjendis.

– Det gjevaste er å vinne Hansen-kryssordet. Då kan du vinne flaxlodd, seier Ellen Aasebø.

Ho og dottera, som òg elskar kryssord, har ein avtale om at den som vinn må dele ti prosent av premien.

– Ein gang vann eg 125 kroner på eit flaxlodd, då fekk ho 12,50 av meg, fortel ho og ler.

Denne gjengen kjenner ikkje kvarandre, i alle fall ikkje alle. Lars-Inge kjenner dei fleste, og har ringt dei fleste. Han og Ellen jobba saman på Alversund skule. Men det var først då Lars Inge såg at Ellen vann eit Hansen-kryssord at han tok opp kontakta. På same måte fekk han kontakt med Solveig.

Favoritt

Solveig Hella har løyst kryssord i 20, 30 eller 40 år, ho veit ikkje kor lenge. Ho har alltid løyst kryssord.

– Då du ringte, valte eg å ta ein anna telefon, fordi eg visste det var ein kryssordtelefon, innrømmer Solveig, til journalisten.

Det var systera i Stavanger som ringte. Dei held begge to på med Hansen-kryssordet i Dagbladet.

GOD GAMAL: Ellen har med seg ei kryssordbok frå 80-talet. Den hadde ein gong i tida blå perm.

– «Favoritt» er eit ord han bruker mykje. Som at «raggsokkelskers favorittårstid» er vinter, eller «redskapsmaker-favorittverktøy» er hammar.Det er ein egen måte å løyse kryssord på, og enkelte kan nok irritere seg grøne over orda.

Men ikkje Solveig. Ho blir ikkje irritert. Tvert imot, ho blir meir gira på å klare det.

Bøker

Solveig har ein banankasse i kjellaren full av kryssordbøker, men dei brukar ho ikkje lenger.

Ellen har med seg den gamle ordboka si, som ho arva på 90-talet. Boka er frå 80-talet.

– Den hadde blå perm ein gong, seier ho, og held opp den godt over middels brukte boka.

PB og pb

– Det går alltid to konvoluttar til Oslo, seier Arvid.

– Eg har kopiert opp konvoluttar slik at dei er klar til sending, seier Ellen.

Fleire av dei sender inn så mange som fem kryssord i veka.

– Då kan du begynne å rekne på kor mykje porto det blir, seier Arvid.

– Eg sendar alltid to i konvolutten, seier Arvid.

– Gjer du? Det gjer ikkje eg. Ein av dagane står adressa skrive med «PB» med store bokstavar, og den andre dagen står det «pb» med små bokstavar. Det er nok til at eg ikkje sender i same konvolutt, seier Solveig.

Aldri lei

På nokre av kryssordnettsamfunna blir det slengt med leppa. Dette overraskar Arvid.

– Er ikkje alle kryssordløysarar skikkelege folk?

Men ifølgje dei andre er ikkje stemninga alltid like god.

Arvid jobba som organist frå 1976 fram til han gav seg i 2010. Sjølv om han hadde plikter, kom dei aldri i vegen for kryssordrutinane. Han har lurt på om han nokon gang kjem til å bli lei kryssord, men dei blir etterkvart samde om at den dagen neppe kjem.

Altfor lett

– Eg sender inn kvar veke, og får alltid høyre at eg vinn så ofte, seier Lars-Inge, som reknar med at han har vunne ein plass mellom 10 og 20 gongar.

– Strilenkryssordet er bare så altfor enkelt. Unnskuld for at at eg seier det. Den er unnagjort på fem til ti minutt.

Arvid meiner han bruker 7-8 minutt på kryssordet.

– Ein gong skreiv i margen på kryssordet at det var for enkelt, fortel han.

– Av og til er det merkelege ord eg aldri har høyrt om, då dobbeltsjekkar eg i nynorskordboka på nettet, seier Lars Inge, som trur han no er blitt boikotta av Strilen sidan det er så lenge sidan han har vunne.

Ein gong gjekk det så langt at han bad Ellen om å skrive på adressa på konvolutten i tilfelle nokon i Strilen skulle kjenne igjen handskrifta og med vilje ikkje trekkje han ut som vinnar.

Motverkar sjukdom

At hjernetrim hjelper å halde alderdomen i sjakk, er dokumentert gjennom forsking. Ei undersøking av meir enn 700 personar i Chicago i USA med ein snittsalder på 80, viser ein klar samanheng mellom mental aktivitet og utvikling av fleire alderdomsrelaterte lidingar som demens og Alzheimers sjukdom. Forskarane fann at mentalt aktive, eldre menneske har 2,6 gongar mindre sjanse for å utvikle Alzheimer enn mentalt inaktive på same alder.

Det er altså fleire bonusar med hobbyen til dei fire, sjølv om dei ikkje alltid er så sosiale.

For ordens skuld: Strilen boikottar ikkje Lars Inge sine kryssord.