Under eit debattmøte om den nye kommunen Lindås/Meland/ Radøy sist veke, kom det fram at ordførartrioen Astrid Aarhus Byrknes (Lindås), Øyvind Oddekalv (Meland) og Jon Askeland (Radøy) no har bestemt seg for å "trekkja tilbake" Nordhordland som personleg namnefavoritt. Dei tre ordførarane lanserte tidlegare i haust Nordhordland som namn i ein aviskronikk. Det skapte, ikkje uventa, sterke reaksjonar.

Den massive motstanden var stort sett forankra i eitt argument: Nordhordland er ein geografisk region, og ein bør då ikkje velja dette som namn på ein kommune der berre tre av dagens kommunar er med.

På leiarplass har Strilen tidlegare skrive at me har sans for dette motargumentet. Folk i andre kommunar enn Lindås, Meland og Radøy vil, om Nordhordland blir namnet på nyekommunen, måtte seia at «me er frå Nordhordland, men ikkje kommunen Nordhordland». Dette er eigna til å skapa forvirring både i og utanfor Nordhordland. Dessutan har den store motstanden mot namneforslaget vist at det er dårleg forankra blant folk flest i Lindås, Meland og Radøy.

Det siste ein treng i ein samanslåingsprosess som i utgangspunktet er omstridd blant enkelte, er eit namn som bidrar til å spissa frontane ytterlegare.

No kan ein seia at ordførarane på mange måtar oppnådde det dei ønskte då dei skreiv kronikken: Ein brei og tidleg debatt om namnet på den nye kommunen. Debatt har det blitt, og den har vore både lang og brei. Strilen har fått inn meir enn 130 forskjellige namneforslag, og lesarbrevspaltene våre har fløymd over av sterke meiningar.

Når me no meiner at det er rett av ordførarane å ta eit skritt tilbake med omsyn til namneval, handlar dette framfor alt om dette: Det ikkje berre namn som bør stå høgt på dagsorden når me diskuterer den nye kommunen. Vel er namnet viktig, men det viktigaste for innbyggjarane er korleis dei kommunale tenestene blir i den nye kommunen.

I intensjonsavtalen om samanslåing står det meir eller mindre at alt skal vera som før – sjølv om ein får eit nytt hovudsenter for kommuneadministrasjonen. Skular skal i utgangspunktet bestå, det same skal ei eller anna form for aktivitet i dagens tre kommunehus.

Me trur at «alt skal vera som før»-strategien blir kraftig modifisert når ein begynner å konkretisera samanslåinga nærare. For: Kva er eigentleg poenget med samanslåing om alt skal vera som før – bortsett frå at ein ikkje erstattar ein del tilsette når dei går av med pensjon? Heile poenget med kommunesamanslåinga er at ein skal kunna driva éin kommune meir effektivt enn tre kommunar. Ikkje fordi effektivisering er noko mål i seg sjølv, men fordi effektiviseringsgevinsten vil gje meir pengar til tenester – og dermed ein betre kvardag for mange.