Busstasjonen flyttar og byttar namn

Måndag 14. oktober får alle bussane i Knarvik ny stoppestad.

Publisert:

Her, midt i Knarvik sentrum, skal bussane gå frå 14. oktober. Foto: Erlend Kristiansen

  • Anne-Lise Nordpoll

– Frå og med 14. oktober flyttar bussane i Knarvik opp til E39 ved Knarvik Senter. Terminalen skiftar samtidig namn frå «Knarvik skysstasjon» til «Knarvik terminal», skriv Skyss i ei pressemelding.

Knarvik terminal består av fire perrongar.

Perrong A, B og C skal nyttast til på- og avstiging på Skyss sine bussar, medan Fjordekspressen skal nytta perrong D til påstiging i retning frå Bergen.

Gangvegen frå den gamle terminalen til den nye terminalen vil bli skilta, slik at folk skal finna fram.

Samme dag som denne endringa skjer vil det også bli endring av haldeplassen «Kvernhusmyrane», som ligg på E39 nedom den vidaregåande skulen. Frå no av er det berre Fjordekspressen som stoppar her. Alle andre linjer nyttar den nye Knarvik terminal.

Skyss varslar også at det vil bli gjort nokre justeringar på avgangar i tidsrommet 14.30–15.30 på kvardagar. Endringane gjeld for linje 311, 320, 325, 326, 340 og 353. Skyss Reise-app og reiseplanleggar skyss.no er oppdaterte med nye rutetider.

I desse dagar er det siste innspurt for anleggsarbeidet med den nye terminalen i Knarvik. Foto: Anne-Lise Nordpoll

TRYKK PÅ BILDET FOR Å GJERE DET STØRRE: Knarvik terminal skal ha fire perrongar. Dette kartet som Skyss har fått laga, viser kor dei ulike bussane stoppar. Foto: SKYSS

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Her ønskjer Christel og Kristian å byggja hus, men Fylkesmannen seier nei

  2. – Dette hadde eg aldri sett for meg

  1. Knarvik
  2. Bergen
  3. Buss
  4. E39