Gradestokken peika opp mot 30 gradar onsdag, og det skal visst bli fint ver utover i veka. Då er det greitt å unngå brann.

For Nordhordland brann og redning har vore ute på fleire oppdrag i sommar, der det har tatt fyr i varme eingangsgrillar som er kasta i bosset.

Det at folk kosar seg med grilling, synest brannvernet er kjekt, men dei vil gjerne få kome med nokre tips, så du unngår å vere grunnen til deira neste arbeidsoppdrag.

1) Sett grillen på eit slett underlag, på grus eller stein.

2) Ikkje sett eingangsgrillen direkte på terrassen. Då kan det ta fyr i treverket under.

3) Ikkje sett grillen i graset, eller i nærheita av vegetasjon. Tørt gras tar raskt fyr.

4) Kos deg med grillinga!

5) Sløkk grillen. Bruk rikeleg med vatn.

6) Kast eingangsgrillen i bosset. Hugs å vente til grillen er kald.