• Kva skjer med jonsok i år? Korleis skal du og bygda markere jonsokaftan i år? Blir det annleis frå tidlegare år? Tips oss gjerne på desk@strilen.no eller via Messenger/Facebook :-)

Det varme veret kombinert med lite nedbør er ikkje nødvendigvis berre godt nytt. Nordhordland brann og redning ber folk tenke seg om:

«Store delar av Sør-Noreg er på veg inn i ein periode med høge temperaturar, lite nedbør og dermed aukande skogbrannfare. Skogbrannfaren på Vestlandet er no på gult nivå. I våre område er det lokal skogbrannfare inntil det kjem nedbør av betydning. Vegetasjon kan lett antennas og store områder kan bli råka. Vær derfor ekstra forsiktig med open eld. Dette inkluderer også bruk av eingongsgrill.», skriv dei.

Den neste veka er det stort sett meldt lite nedbør, men det kan komme ei solid byge på søndag. Det er uansett all grunn til å vere forsiktig inntil vidare!

Det er også generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. Les meir her om kva du bør vite og gjere før du tenner bål.