På Strilen kan du alltid halde deg oppdatert på siste nytt frå Nordhordland og Gulen.

I påska kan det vere kjekt å ha litt ekstra lesestoff. Vi har derfor samla fem gode saker som har vore publiserte i Strilen dei siste åra.

PS: Har du tips til saker vi burde skrive om eller personar vi burde lage portrett på? Send oss gjerne ein e-post til desk@strilen.no.

Ha ei fin påske!

20 år etter «Lindås-drapet» hevdar forsvararen at klienten blei uskuldig dømt

21. juni 1999. Eit ungt par i 20-åra er ute på kveldstur. Mannen høyrer til i nærleiken og kjenner området godt. Nede ved steinrøysene, ved sjøen, kan dei skimte ein person. Synet som møter dei når dei kjem nærare, er ikkje pent. Ein livlaus kropp, med klede som ikkje er eigna for skog og mark, ligg der. Mannen er skoten i ansiktet.

Det er no over 20 år sidan ein mann brutalt blei avretta i Gjervik i Lindås, i det som nasjonalt fekk namnet «Lindås-drapet».

Den tidlegare forsvarsadvokaten Odd Arild Drevland meiner framleis klienten hans blei uskuldig dømt for drapet.

Heile saka, som blei publisert i Strilen desember 2019, kan du lese her.

Livet er for kort til å gi opp

Full av pågangsmot byrja Liv som rådmann i Austrheim 15. oktober 2018. Kommunen sleit med økonomien og heile organisasjonen skulle saumfarast med lupe etter innsparingar, med rådmannen i spissen.

Men berre vel to månader seinare får ho vite at ho har fått den mest aggressive typen brystkreft som går an å få.

– Eg blei rasande og tenkte først pokker, dette har ikkje ungane mine fortent.

Berre to år tidlegare var ho nemleg nær på å miste mannen sin etter ein akutt livstrugande infeksjon. Jula etter heldt ho på å miste mora si, som er borna sin einaste besteforelder. Det var nytt kjøkken ho ønskte seg denne jula, og ikkje kreft.

Saka blei publisert i Strilen februar 2020. Du kan lese ho her!

Flåtedramaet i Atlanteren

Ni av karane ved rekka på Washington Express 1-2 dagar etter redninga. Øvst frå venstre: Olav Brekke, David Holgersen, Einar Moldeklev, Paul W. Andersen. Foto: Lyndon E. Lee jr. M.D.

Historia er så dramatisk at ho nesten ikkje er til å tru. Sann er ho likevel.

Ni mann flaut rundt på to flåtar i Atlanteren etter at skipet MS Moldanger vart torpedert under krigen, i 1942.

Dei overlevde i førtiåtte dagar med å samle opp regnvatn i presenning, fanga skjelpadder med hendene og fisk med sikkerheitsnåler.

Ein av dei overlevande på flåten var Einar Moldeklev frå Meland.

Saka, som blei publisert i Strilen i 2018, kan du lese her.

Hege Kristin gir hjartesjuke menneske håp for framtida

Addis i Etiopia ligg på eit platå 2.400 meter over havet. Her rår eit hektisk liv med forureining, fattigdom og folk som bur på gata eller i små skur dei har laga seg til i slumområda.

Lufta er tynn, og kontrastane til livet heime i Knarvik, der Hege Kristin Brekke kjem frå, er store.

Sidan 2009 har Haukeland Universitetssjukehus hatt eit samarbeidsprosjekt med Black Lion Hospital (BLH) i Etiopia. Målet er å hjelpe nokre av dei meir enn 10.000 som står på venteliste for hjarteoperasjonar, men og å gje lærdom.

– Sjukehuset i Addis er slite og lid av mangel på vedlikehald. Ting går litt seinare, utstyret er annleis, straumen kan plutseleg gå, og vi kan mangle oksygen og naudsynte medisinar til pasientane. Likevel får vi det til, sa Brekke til Strilen desember 2019.

Heile saka kan du lese her!

Drøym deg tilbake til Utkant-magien

I ei tid kor kvardagen er blitt heilt annleis, kan det vere godt å sjå tilbake på gode minne.

Derfor har vi henta fram att bildeserien frå siste dag av Utkant-festivalen 2019. (Og skulle du ønskje å lese meir om Utkant, så er det berre å trykkje her!)

Utkant 2019 var ei magisk helg med strålande vêr, fantastiske artistar på scena og dyktige frivillige som stod på både tidleg og seint for å gje publikum ei god festivaloppleving.

Her kan du mimre tilbake til Utkant 2019!