TIPS? tlf 971 51 020, desk@strilen.no eller Facebook

SISTE KL 11.15: Geolog er venta å komme før klokka 13. Vegen er stengt inntil vidare. Det same er vegen om Haugsdal.

Heilt stengt

Det var rundt klokka 10.15 i formiddag at Vegtrafikksentralen melde om at det hadde gått eit ras på nordsida av Masfjordtunnelen på E39, på Matre.

Raset førte til at Masfjordtunnelen blei stengt.

– Me veit ikkje anna enn at det har gått eit ras. Det er snakk om forholdsvis store steinar. Vegen er stengt, opplyste Vegtrafikksentralen rundt klokka 10.30.

Det var då folk på staden, og ein ville vurdera å senda inn geolog. I mellomtida blei også omkjøringa via fylkesveg 383 Haugsdalen også stengt.

USIKKERT: Det er i dette området at det skal ha rasa ned frå fjellsida. Ein time etter det første raset kom det meir ned. Foto: Privat

Geolog på veg

Rundt klokka 11 hadde ein starta opp kolonnekjøring. Like etter kom kontrabeskjeden om nye ras i området. Det førte til at vegen vart heilt stengt på ny. Geolog er bestilt og er venta på plass før klokka 13.

Frå før av er det mykje aktivitet i området via arbeidet som føregår i Masfjordtunnelen, slik at tunnelen ofte er stengt eller har kolonnekjøring.

Saka vert oppdatert.

VARSLING I KNARVIK: 30 sekund før dette bilde blei tatt var det melding om kolonnekjøring på tavla. Nye ras førte til kontrabskjed og ny stenging. Foto: Erlend Kristiansen
KØ: Det er kø i området ifølge Googles direktekart over trafikken. Det raude markerer kø (innhenta klokka 11.08). Foto: Google Street View