Klokka 14.15 i dag fekk naudetatane melding om brann i eit kjøretøy inne i Eikefettunnelen. Det skal berre ha vore ein person i bilen.

– Brannen er midlertidig sløkt med brannsløkkingsapparat. Naudetatane er på veg. Det er ikkje meld om personskade, opplyser politiet sin operasjonssentral i Hordaland.

Litt over klokka 14.30 melder 110-sentralen at brannvernet er på staden, og at det ikkje er noko som brenn no.

I følgje BT.no var føraren av bilen ein mann i 70-åra. Han skal ha oppdaga røyk frå bilen og sjølv klart å sløkkja og varsla naudetatane om kva som skjedde.