Foto: Villanger Media

Det har vore ei trafikkulukke ved Ikenberget i Lindås laurdag kveld, melder 110 Hordaland.

Berre eitt køyretøy har vore involvert i trafikkulukka.

Ulukka skjedde i 22.30-tida laurdag kveld.

– Sjåføren var åleine i bilen, fortel Vest politidistrikt på Twitter.

Ifølgje politiet kom sjåføren frå hendinga utan skadar. Det skal ikkje vere trafikale problem som følgje av ulukka.

Foto: Villanger Media

Årsaka til trafikkulukka er foreløpig ukjent, fortel politiet i 22.40-tida laurdag.

Vegtrafikksentralen åtvarar om glatte vegar i Hordaland laurdag kveld.

NRK skriv at folk bør vere særleg forsiktig mellom anna i heile Nordhordland.