Norled sende i natt ut melding om at ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg hadde tekniske problem og blei midlertidig innstilt. Dermed gjekk det skyssbåt på dei første par avgangane.

Like etter klokka åtte melde selskapet at sambandet igjen var oppe og gjekk, slik at den ordinære ferjetrafikken kunne begynna å ta seg opp.

“Det må påreknast 15–20min forseinkingar som gradvis blir tatt inn i løpet av eit par timar”, skriv dei i ei melding.