Fredag markerte bedrifta tilkoplinga med ein demonstrasjon av korleis det heile fungerer om alarmen skulle gå.

Nødnett er namnet på det digitale radiosambandet for naud— og beredskapsaktørar i Norge. Kjernebrukarane er politiet, brannvesen og helsetenesta, men òg frivillige organisasjonar og andre aktørar innan naud- og beredskapsbransjen. Alle desse er avhengig av eit påliteleg og spesialtilpassa verktøy for å kunne snakke saman.

BEREDSKAP: Dei tilreisande frå Direktoratet for nødkommunikasjon fekk høyre kommunikasjonen når Bjørn Bråthen, fagleiar for beredskap (t.h.) kalla opp industrivernet.

Statssekretær i justis— og beredskapsdepartementet, Gjermund Hagesæter, synest det var ei stor hendig at naudnettet blei tatt i bruk på Mongstad, og at dei no kan kommunisere med naudetatane på andre sida av gjerdet.– Eg seier som Aristoteles sa for 2500 år sidan: Det er svært sannsynleg at noko usannsynleg skjer. Det er nok meir sannsynleg i dag, enn då, seier Hagesæter.

– Dette er eit stort løft for beredskapen i heile Nordhordland.

Strengt

På Mongstad har dei hatt øvingar med naudetatane og kriseleiinga.

Bjørn Bråthen, fagleiar for beredskap, er mannen som har ansvaret om ting går galt. Det var på ei øving i fjor at dei oppdaga at dei ikkje hadde samband, og då starta arbeidet. I mars søkte dei om å få kople seg på naudnettet.

– Når du kjem hit er det streng reglar for å komme inn på raffineriet. Det gjeld både politi og andre. Vi er underlagt eit strengt regime, og er blitt einige om korleis vi skal arbeide med naudetatane.Bråthen demonstrerte korleis dette fungerer i praksis når han kontaktar naudmeldingssentralen på Mongstad.

– Dei har heilt klare prosedyrar for kva dei skal gjere, så har eg dei på radioen så dei kan høyre kva som skjer.

Stolt

Frå Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) stilte direktør Tor Helge Lyngstøl, som er tydleg stolt av naudnettet ein har har jobba med i mange år. Arbeidet starta faktisk for 20 år sidan, men først i fjor var nettet klart til bruk.

DEMONSTRASJON: Statoil Mongstad sitt industrivern rykka ut for å vise korleis dei jobbar når alarmen går.

– Naudetatane er pålagt å bruke det, men andre må sjå nytten av det også. Dei som har begynt å bruke det har ønskt fleire terminalar, og vi håper på same trenden her òg, seier marknadsdirektør i DNK, Jostein HesthammerLyngstøl er oppvaksen på Rjukan, der det var Hydro som hadde brannvesenet.

– Skulle det skjer noko utanfor Mongstad, så håpar eg at ressursane kan brukast utanfor området òg.