Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit kjem til Nordhordland torsdag 14. juni, for å besøka Industriutvikling Vest, Knarvik industri og miljø (Kim) og Hillesvåg Ullvarefabrikk.

Sjølve besøka er det representantar for dei ulike bedriftene som tek seg av, men det er mogleg også for andre å få eit glimt av dei kongelege. Då må ein berre vera klar i god tid, og stilla seg opp med finstas og flagg.

Klokka 11.20:

Kronprinsparet kjem til Industriutvikling Vest (IUV), næringsbygget Dampen i Knarvik. Avreise frå Dampen klokka 13.02.

Klokka 13.07:

Kronprinsparet kjem til Knarvik Industri og Miljø (Kim). Reiser vidare klokka 13.30.

Klokka 13.45:

Kronprinsparet kjem til Hillesvåg Ullvarefabrikk, som er 120 år i år. Ferdig med omvisning der klokka 14.15.