Klokka 04.10 torsdag morgon fekk politiet melding om eit trafikkuhell i Mykingvegen i Eikangervåg.

Vest politidistrikt melde at ein bil køyrde ut av vegen. Det var éin person i bilen. Han skal ikkje vere skada. Det blei meld om glatt vegbane på staden og bilen skal ha fått store skadar.