Har du tips til spennande historier som burde kome i Strilen?

Send oss gjerne ei melding til redaksjonen@strilen.no.

Den siste fiskaren i Meland

Jan Arve Birkeland (53) på Flatøy har investert i splitter ny sjark, men er ein einsam svale i yrket.

– På ein måte er det greitt å vere åleine, for då har ein alle fiskefelta for seg sjølv, humrar Birkeland.

Sidan 1995 har han hatt fiskeri som både deltidsarbeid og som heiltidsarbeid. Birkeland er den einaste yrkesfiskaren, som er att på Flatøy – og i heile kommunen forøvrig.

På 1970-talet var det tre brislingbruk i drift på øya, men i dag er fiskeriet nærast ein saga blott.

Saka blei publisert i Strilen desember 2019. Du kan lese ho her.

Foto: Kjell Arne Steinsvik

Dei jobbar heile sommaren for ei teskei honning

Dei er av dei minste «husdyra» som finst, men fyller samstundes ein av dei viktigaste funksjonane i naturen.

I sommarmånadane har dei hårkledde insekta sitt fulle hyre med å flyge frå blome til blome, på utrøytteleg jakt etter nektar og pollen til kuben.

I seinare tid har stadig feire fått opp auga for det nyttige insektet. I Alversund arbeider fleire hundre tusen flittige bier med å sanke honning til Anders og Tina.

Saka blei publisert i Strilen juni 2020. Du kan lese ho her.

Foto: Kjell Arne Steinsvik

Sjå korleis bygdene har endra seg

Snart seksti år skil bileta frå kvarandre. Dei vitnar om ei enorm utvikling av tettstadane i Nordhordland.

Sjå alle bilda her.

Foto: Kjell Arne Steinsvik

Norske lydbøker har snudd underskot til overskot for Gulen-selskapet

For ti år sidan kasta selskapet seg inn i den digitale musikkmarknaden, som då stod ved ein korsveg.

Dei fysiske CD-platene var på veg ut. Folk ville i staden ha musikken rett heim via Internett.

Beat.no hadde løysinga.

– Eg har ikkje lyst å byte jobb med det første. No har vi fått til mykje av det vi hadde lyst til då vi starta, og det er framleis mykje framfor oss, seier dagleg leiar Njål Hansen Wilberg.

Saka blei publisert i Strilen januar 2020. Du kan lese ho her.

Foto: Kjell Arne Steinsvik

Øyvind lever ut fotodraumen

Det å våge å spørje, trur Øyvind Ganesh Eknes er viktig om ein skal lukkast i bransjen.

– Det er viktig å ikkje vere for redd for å drøyme. Du må våge å ta sjansar. Mine foreldre driv for seg sjølve. Det at dei har vore positive og støtta meg, har vore viktig.

Han har tatt bilde av dei fleste. Men det er ein tidlegare amerikansk president han vil trekke fram, som si mest spesielle oppleving.

Saka blei publisert i Strilen mai 2020. Du kan lese ho her.

Foto: Privat