IKKJE JULEGATE UTAN GLØGG: Elisabeth Tonheim er blant initiativtakarane bak julegata, og syte for det ekstra med gløgg.
LINDÅS SONGLAG MED: Det var og vakre notar å høyra i julegata.
MESSE FOR EIN KVAR: I Austrheim Samfunnshus var julegåver til både mor og bror.
NOKO FOR EINKVAR: Medan vaksne handla og titta, kunne dei yngre arbeide på juleverkstad.

På Lindås var det duka for den tradisjonelle julegata som strekkjer seg frå Tinghuset, via Rosenlund og stabburet og heilt til Spjeldnes gard. Hit finn både lokale og meir langreiste vegen for å oppleve den gode, gamle stemninga i det tidlegare sentrumet av Lindås. Anten ein ønskte å kjøpe lokale fiskekaker i stabburet eller heimelaga sitjeunderlag, eller berre ville ha ein pust i bakken frå dei store kjøpesentera med masseproduksjon, så var det noko for ein kvar.

TRADISJONSRIKT: I Stabburet på Lindås var det som vanleg sal av unike produkt.

Eit fint tilbakeblikk

Familien Thorsen har besøkt julegata på Nedre Lindås to gonger no, og likar seg berre betre og betre.

— Det er rett og slett ei unik stemning over heile gata, forklarar dei.

Hanna Thorsen synest mykje av førjulstida har mista litt av sjarmen, og stort sett er prega av stress.

Ho forklarar at i julegata på Lindås finn ho litt tilbake til denne spesielle stemninga, trass i at været ikkje var heilt optimalt.

IKKJE JUL UTAN MESSE PÅ RADØY: Ingvill Marie Svenheim frå Blomsterverkstaden har teke ansvar for messa sidan 2010, og no er det vorte tradisjon.

Tradisjon på Radøy

Ingvill Marie Svenheim frå Blomsterverkstaden har sidan 2010 teke ansvar for å få i stand julemessa på Radøy. Søndag vart nok ei vellukka hending i Radøyhallen, med sal av julegåver av alle slag, anten ein skulle ha noko til mor eller bror, eller berre ønska å pynte opp litt ekstra heime.

Det er kortreist mat, smykke, tupperware, blomster og mykje meir. Nytt av året var mellom anna at det var fotograf på staden som kunne syte for å få julebileta i boks. Dette var populært, og det er kanskje fleire som kan vente seg julekort fotograferte i Radøyhallen.

KJEKT PÅ JULEGATE: Denne gjengen koste seg med ein liten pause frå julestemninga.

Alltid noko på Austrheim messa

Laurdag var det også duka for messe i Austrheim samfunnshus. Liten som stor kunne kosa seg i det stemningsfulle lokalet.

Det er Austrheim kvinne— og familielag som står bak denne messa, og messa har vore ein tradisjon så lenge dei kan hugsa.

Føremålet er å skape ein arena for sal av det meir unike og heimelaga, i tillegg til at det skal vere ein hyggeleg møteplass i førjulstida.