Landets kommunar stilte opp for å ta imot flyktningar då krisa ramma. I Lindås har dei sagt ja til busette mindreårige flyktningar, som gjer at kommunen får ein del pengar til utgiftene. Men rammevilkåra er blitt forandra. No får kommunane berre halve finansieringa etter fylte 16 år.

Tilskottet skal vere på 1.198.000 kroner per år til og med det året flyktningen fyllar 16 år. Frå og med det året flyktningen fyller 17 år skal tilskottet være 750.000 kroner.

Utfordring

I formannskapet i Lindås kommune blei saka diskutert.

– Det gir kommunen ein kjempeutfordring at rammevilkåra blir forandra frå eit år til eit anna. Det er flott at vi riggar drifta etter kva vi har, slik at det skal komme ungane våre til gode, og det heilt riktig at vi skal rigge det slik at vi kan betale for det, seier ordførar i Lindås kommune Astrid Aarhus Byrknes (Krf).

– At det kjem ein så drastisk endring er kritikkverdig når heile kommune-Norge stilte opp. Menneskjer på flukt er noko som kjem igjen, det er eg overbevist om, seier Nina Bognøy (AP).

Tidligare har IMDi signalisert at det ville være behov for at alle kommunane å til saman busette 4400 einslige mindreårige i 2016 og 2017. ## Klaga

Mange kommunar rundt om i landet har klaga.

I dag kan kommunane søke om 80 prosent refusjon for sine utgifter til barnevernstiltak for einslige mindreårige flyktningar. Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2017 å erstatte denne ordningar med et fast tilskot. Ordninga skal ifølge forslaget leggast om frå 1. januar 2017, og den skal slås saman med det særskilte tilskottet som kommunen mottar ved busetting av einslige mindreårige flyktningar i dag.

I den nye ordninga vil kommunane få et fast tilskott per einslig mindreårig flyktning per år. Kommunane får tilskottet for alle einslige mindreårige flyktningar uavhengig om det er barnevernstiltak eller ikkje.

Dugnad

– Dei har ulike bagasje med seg, kan sjå bra ut den første tida i bufellesskapet, men så kan dei få krisane sine. Kan vere ganske krevjande, seier Astrid som synest det heile er ganske så forunderleg.

– Vi har tatt del i denne dugnaden, men vi er i den situasjonen der vi ikkje veit om det kjem ungdomar.

– No synes du er diplomatisk ordførar, seier ein i formannskapet.

– Eg skal ikkje seie meir då blir eg berre opprørt og mindre diplomatisk, seier Astrid.