«Singel & Sand» var ein suksess då stykket blei spelt ved Hordaland Teater i 2005. No er firarbanden Cato Jensen, Claus Sellevoll, Yvonne Algrøy og Helga Golten klare med oppfølgjaren «Da ska' bli andre boller».

Gitarist Mads Eriksen (bak), Cato Jensen og Claus Sellevoll legg siste finish på fjeset før premiera på «Det ska bli andre boller!»

Spent

– Det går så treigt at det gjer vondt, seier koreograf Hilde Sol Erdal.

– Ja, det gjorde vondt. Det skal ikkje være så treigt som dette, seier regissør Arvid Ones.

Ein time før premieren er Claus Sellevoll og Cato Jensen bak scena og skiftar til kostyma dei skal ha på seg. Claus er kanskje litt stressa, han tar på seg kleda i feil rekkefølge.

– Eg må sminke vekk ringane under auga, seier Claus Sellevoll

– Eg har kome til andre akt allereie, seier han, og dreg på seg ei helsetrøye han påstår er Ragnar Hovland si.Dei er alltid spente før ein premiere.

– Hadde eg hatt det sånn som eg har det no i forkant av kvar einaste framsyning, veit eg ikkje om eg hadde orka å halde på med dette, seier Cato.

Dei går til sminka, der resten av bandet ventar. Claus er fullt opptatt med å sminke vekk ringane under auga.

– Eg har fått melding frå pappa, seier Cato.

– Eg fekk melding frå pappa før deg. Altså frå din pappa, fleipar Claus.

Stress

Dei er begge fokuserte på å ikkje skuffe regissør Arvid.

– Han er dommar, trenar og forelder, seier Claus.

Arvids tanke var å lage eit stykke om det dei veit mest om, og det mange har nært forhold til: Strilane.

Yvonne Algrøy og Helga Golten gjer seg klare for premiereshowet..

– Frank Sinatra song jo om sitt nabolag som var New York, seier regissør Arvid Ones.Songane er frå Monrad Holm Johnsen og Josef G. Larssen. Både Monrad og Josef sine familiar sat i salen under premieren.

Eit kvarter før framsyninga er Arvid Ones stressa.

– Eg håpar dei bak scena ikkje er like stressa som meg.

Han og kona Hilde har jobba hardt med stykket.

A for Aasen

Med kommentarar som «Du treng ikkje skrike til meg, eg ikkje frå Fedje» og «De som sit på rad seks, er de frå Radøy? Nei? Då må det vere nokon andre som lukta», sytte for latter frå salen.

I stykket blir du i første akt tatt med til bua hans Salomon på 60-talet. Her er det mykje bygdesladder. I andre akt får du sketsjar, underhaldning og hovudattraksjonen: Trekking av åresalet.

– Då har vi A for Aasen! seier Claus når andrepremien skal delast ut.

– No er det hovudgevinsten, nei det er ikkje deg, Cato. Du er trøstepremien.

Utstilling

Fotograf Arne Årseth hadde utstilling på Logen, med bildar av strilelivet.

Eitt av bilda på veggen er faktisk av oldefaren til Claus. Og rett over heng det eit bilde av naboen til oldefaren.

Cato Jensen har fått på seg litt av kostymet.

– Oldefaren til Claus redda faktisk naboen då det brann i huset hans, og det var i siste liten, fortel Arne.«Da´ ska bli andre boller» blir spelt fram til midten av desember.

Cato Jensen og Claus Sellevoll er spent før premiera på «Det ska bli andre boller!»