Siste melding er at Utne skal i gang igjen frå avgangen frå Sævrøy 10.05. MF Utne vart sett inn som reserveferje på Fedje-Sævrøy i november, etter at M/F Fedjefjord gjekk på grunn og fekk skader på den eine propellen. Under uvêret det siste døgnet har Utne måtta melda om stopp i sambandet fleire gonger, seinast torsdag morgon.

I ei trafikkmelding skriv Norled av ferja vart innstilt klokka 06.54 i dag grunna vêrforholda, og at ein vil setja ferja i drift igjen så snart vinden løyer.

Men reisande må vera klar over at sambandet kan verta innstilt igjen på kort varsel på grunn av vêret.

Det får folk som bur på Fedje til å reagera.

– Ei ferje som skal vera reserve på dette sambandet må kunna gå i stiv kuling og liten storm. Om ein samanliknar med Fedjefjord, så er det berre nokre få gonger med skikkeleg storm at den har vore innstilt, seier Kåre Berge, som bur på Fedje.

Vendereis

Tysdag kveld skulle Berge heim til Fedje frå jobben i Bergen, men måtte gje opp på grunn av innstillinga. Onsdag såg han at avgangen i 15-tida gjekk som normalt, og reiste til Sævrøy for å komma seg heim. Men på kaien måtte Berge til liks med andre reisande innsjå at det vart ikkje heimtur no heller.

– Det var vel ein 8-10 bilar på kaien til denne avgangen. Fleire kjørte etter kvart, og sjølv vil me reisa for å få oss noko middag, før me prøvar igjen litt seinare, seier Berge.

– Vassar i sjø

Medan ferjedekket på Fedjefjord er heilt lukka, er Utne bygd på ein annan måte. Det gjer at sjøspruten slår inn på dekk når det er litt vind og bølgjer.

– Me får beskjed om å parkera på bakre del av ferjedekket, for å ikkje få sjø på bilane. Eg har sjølv vassa i sjøvatn for å komma inn i bilen, seier Berge.

– Er det lite grann sprut så kjem det sjøvatn inn på dekk.

– Annleis i sjøen

– Utne oppfører seg heilt annleis i sjøen enn Fedjefjord, og er rett og slett ikkje eigna for å gå her ute, seier Kåre Berge.

Han etterlyser også at reiarlaget Norled brukar skyssbåt når ferja ikkje går.

– Dei skyssbåtane som har gått her tidlegare ved havari på ferja, Tornerose og Stjernsund, hadde ikkje hatt problem med dette vêret. Me skulle hatt ein av dei, dei ville ha gjort jobben betre enn Utne som ikkje går.

– Fedjefjord klarer nok meir

– Det er ikkje mogleg å seia heilt sikkert kor mykje meir vêr Fedjefjord tåler enn Utne, men det er nokså sikkert at Fedjefjord kunne gått meir enn Utne, seier Inge Andre Utåker, som er regionssjef ferjer i reiarlaget Norled.

Han legg til at det ikkje berre er ferja i seg sjølv som set grensa, kapteinen må til ei kvar tid ha omsyn til også andre faktorar.

– Kva vindstyrke ein kaptein set grensa ved kjem også an på kjennskap til farvatnet og kjennskap til fartøyet. Utne er ei ferje som me i Norled har lite erfaring med, og det bidreg til å senka terskelen for å innstilla. Av ulike årsaker brukar me no ein del mannskap som ikkje vanlegvis er på dette sambandet, noko som også kan flytta grensa for innstilling. Eg har full tillit til at kapteinane gjer ei god totalvurdering, og stiller ikkje spørsmål ved dei avgjerdene dei tek, seier Utåker.

Om ein skyssbåt ville klart seg i vêret som har vore dei siste dagane, vil han ikkje meina noko om.