I 11–12-tida fredag dansa tusenvis av barn landet rundt – på likt.
Dans for inkludering
Nokon av dei som var i sving var dei 150 elevane på Grasdal skule i Meland. Skulen jobbar aktivt med inkludering, og det var sjølvsagt for dei å delta i den årvisse BlimE-dansen, som blir organisert av NRK Super.
Lærarar og elevar ved skulen har dei siste vekene jobba aktivt opp mot «dansefredagen». Blant anna for å terpa på danseferdigheiter, men aller helst for å bli «minna på» kor viktige det er å vera snill og grei med kvarandre.
Supernytt
Nyleg har også nokre av elevane på sjette trinn ved skulen vore på skjermen i NRKs Supernytt, der tema var knytt opp mot mobbing. Lærar Kjersti Monsen tok sjølv opptaka, som blei sendt på skjermen tysdag og torsdag denne veka.
– Eg fortalde at det ikkje er å sladra når ein seier frå om mobbing til ein vaksen, seier ei av dei som var med, sjetteklassingen Gabrielle Gripsgråd Bjørset.
Også Liam Söderberg Bakke veit kva han skal gjera om han skulle sjå ein mobbesituasjon.
– Då går eg bort med eingang, og om det er nokon som er litt større, så går eg til ein lærar.
Nyleg har dei også sett fokus på mobbing over internett.
– Det er mange som blir mobba der, spesielt på sosiale media som Snapchat, Facebook og Instagram, eksemplifiserer Gabrielle.