Her leikar «Rudolf» med livet på E39

Det er fort hjort, men ein vaken sjåfør rakk å svinga unna.

LIKE FØR: Så nær var hjorten frå å deisa på panseret til bilen til Glenn Tangen. Foto: Privat

  • Erlend Nordland Kristiansen
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Det var i 15-tida måndag då Glenn Tangen var på veg heim frå jobb, at ein hjort forvilla seg ut i vegen midt i ettermiddagsrushet på E39 forbi Hylkje.

– Heldigvis klarte eg å svinga raskt unna og unngjekk han så vidt, seier Tangen, som fanga augneblinken på dashbordkameraet sitt.

Hjort i vegen er eit vanleg syn langs Hordalands-vegane, men strekninga mellom Nordhordland og Vågsbotn er ikkje blant dei sikraste stadane å kryssa asfalten. Kvar dag kjører meir enn 20.000 bilar denne vegen.

Ved denne hendinga tok verken hjort eller bil skade.

– Dette kan vera ei oppfordring til andre bilistar om å ta det med ro i trafikken og vera obs på hjorten, seier Tangen.

Sjå hjorten byksa ut i vegen her (hopp til 2.17min):

Publisert:
  1. Hjort
  2. E39

Mest lest akkurat nå

  1. Ulykke på E39: – Store materielle skadar

  2. Tett trafikk: – Ein del som tar langhelg

  3. Her er 17. mai-feiringa alt i gang

  4. Huset til Thomas og Camilla har ei sprekke tvers gjennom. Dei er ikkje dei einaste i bygda som slit med dette

  5. Politiet meinte mannen stod bak tjuveri og skadeverk – men så var det bevisa ...

  6. Gleda dei eldre med tog og song: – Ingen kan nasjonal­songen så godt som desse