Sjølv om det har vore kaldt nokre dager, er det ikkje nødvendigvis trygt å gå på isen.

Naudetatane reagerte raskt då dei fekk melding om at fleire barn var observerte på det vesle vatnet ved Brekkeløypa i Knarvik.

No går brannvakta i Bergen ut med ei oppfordring der dei bed folk visa respekt for islagte vann og ikkje bevega seg ut på islagte vatn med mindre der står skilt om at isen er trygg.

– Det er forbunde med livsfare dersom ein er uheldig og går gjennom isen. Pass på kvarandre og nøl ikkje med å ringa naudnummer ved uhell.