SISTE: MF Melderskin var ute av drift i vel timen, men vart tilbake i ordinær drift frå klokka 16.45.

– Melderskin fortøyer nok i Sløvåg akkurat no. Det er ein luftlekkasje i manøvreringssystemet som gjer at ferja må leggja til kai. Det er ikkje problem med å styra ferja, men lekkasjen er så stor at ein har problem med pådrag og anna. Me må finna ut kor feilen ligg og ordna han før ferja kan setjast i trafikk igjen, seier Inge Andre Utåker i Norled.

Kor lang tid dette vil ta, er vanskeleg å seia.

– Men eg trur ikkje det vil ta så veldig mange timar, seier Utåker.

Enn så lenge må bilistane kjøra rundt. Omkjøringsruta vert då enten via kabelferja mellom Duesund og Masfjordnes eller så må ein kjøra E39 gjennom Romarheimsdalen.