Det var 45 år gamle Audun Undertun som torsdag kveld blei funnen livlaus i ein industrihall i Eikangervåg, ifølgje ei pressemelding frå politiet.

Han har tilsynelatande stått i ein stige for å installere ei varmepumpe, og det kan sjå ut som han har mista balansen og har falle fem–seks meter ned.

Politiet har rutinemessig opna ei undersøkingssak for å granske hendinga. Arbeidstilsynet har også vore på staden for å gjere undersøkingar.

Undertun var busett i Bergen kommune.