– Det ser veldig fint ut, seier vakthavande meteorolog Frode Hassel ved Meteorologisk institutt fredag morgon.

Det er mykje sol og fint vêr i vente denne helga og heile påska. Men på natta vil det vera kjølig.

Natt til fredag var temperaturane enkelte stader nede i fem minusgrader.

– Det vil også framover vera minusgrader om natta, men så kryp temperaturane oppover på dagtid, og vil ligga rundt 12–13 varmegrader. Frå torsdag neste veke og utover blir det i overkant av 15 grader, seier Hassel.

For dei som tar turen i høgfjellet vil det bli litt kaldare også på dagtid.

– Der blir det minusgrader heile døgnet, men det vil vera fint sjølv om det er kaldt, seier meteorologen.

– Det blir i det store og det heile ei veldig fin påske, legg han til.

– Fort gjort å starta ein brann

– Det blir ikkje noko nedbør?

– Eg trur vi slepp heilt unna nedbør denne påska, høgtrykket ligg nært oss heile tida.

Hassel oppfordrar folk til å vera forsiktige ute i naturen i ferien. Yr har nemleg sendt ut gult farevarsel for Vestlandet for lyng- og grasbrannfare.

– Den faren er ganske overhengande no, det er veldig tørr vegetasjon og det er fort gjort å starta ein brann i gras eller lyng. Det skal ein vera obs på.