Fallulykke i Modalen

Ein person er flogen til Haukeland sjukehus etter å ha falt ned ti meter utfor ei skrent.

Publisert:
  • Erlend Nordland Kristiansen

Brannvesenet rykte i 12-tida ut på ei melding ei fallulykke ved Steinsland i Modalen.

– Vi fekk melding klokka 12 frå eit jaktlag om nokon som hadde falt utfor ei skrent. Vi har sendt ut brannvesen frå Modalen og klatregruppe frå Bergen. Også AMK (helse) er på veg, sa Jan Ove Haga ved 110 Hordaland klokka 12.17.

Personen, som skal ha ramla ned ti meter i ei skrent, var då bevisst. Skadeomfanget var ikkje kjent.

Klokka 13.19 melde politiet at redningshelikopter var på plass og at det vart jobba med å få vedkommande ut. Litt etter, rundt klokka 13.45, var personen henta ut og frakta til Haukeland sjukehus i helikopter.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Ein person omkom

  2. Den tøffaste sommaren i organisasjonen si historie

  3. Andrea Kvammen (16) har signert for Åsane

  1. Modalen