Siste: 16.45: Bilbergar er på staden. Begge køyrefelt er open for trafikk.

Ein bil hamna i fjellveggen på fylkesveg 57 ved innløpet til Furubergtunnelen tysdag ettermiddag. Nødetatane melde om hendinga like etter klokka 16.

– Status er at ein person er tatt hand om av helse. Vedkommande var oppegåande då vi fekk melding, seier Christer Skei, vaktkommandør ved 110-sentralen klokka 16.19.

Sjåføren skal ha komme frå nord og i retning Knarvik. Ved innløpet til Furubergtunnelen skal bilen ha hamna i fjellveggen. Det er snakk om mindre materielle skadar på køyretøy.

Ifølge Skei har det komme opplysningar om at det var glatt på staden på grunn av hagl.