No må huseigaren betale 30.000 kroner tilbake til leigetakaren og nærare 40.000 kroner i saksomkostningar.

I bustaden kor mannen leigde er det to straummålarar, éin for hageleilegheita og éin for hovudleilegheita. Begge straummålarane er plasserte i hageleilegheita. Leigetakaren har ved ein feil betalt for straumen til hovudleilegheita, og ikkje sin eigen. Det skjedde ved at han gav feil straummålar til BKK då han skulle registrere straummålaren i sitt namn. Han har difor betalt over 30.000 kroner for mykje i straumutgiftar.

Feil

Huseigaren hadde ikkje tilgang til straummålaren og ho hadde sagt i frå om at ho ikkje visste kva straummålar om var tilknytt kva leilegheit då mannen flytta inn. Retten meiner det er utleigar som må sørgje for at ho veit kva for ein straummålar han skulle betale for.

Han blei klar over feilen og tok kontakt med huseigar for å få ordna opp i feilbetalinga. Då huseigaren ikkje kom tilbake til saka, klaga leigetakaren til Husleietvistutvalget i Hordaland. Dei fatta vedtak om at huseigar var frifunne.

Leigetakaren tok saka vidare til retten og fekk medhald. No må utleigaren betale.