Hausten 2020 starta Sissel Margrethe Monsen Alverhjelpen. Ho fekk låne eit lysthus for å oppbevare det som vart samla inn. Behovet for hjelp viste seg å vere like fullt til stades etter jul, så no er det blitt «Alverhjelpen året rundt».

I dag er lysthuset framleis fullt av klede, leikar, utstyr og meir som folk leverer inn for å hjelpe.

– Mange av dei me hjelper kjem att med ting dei kan avsjå, som til dømes fint brukte klede når dei vert for små til deira born, seier Monsen.

Ho veit godt sjølv korleis det er å ha dårleg råd. Ho var åleinemor og ufør, men no arbeider ho som erfaringskonsulent og brukar tida på å hjelpe andre.

– Det er eit enormt behov, særleg med den straumprisen som er i dag. Dei som tar kontakt lever på fattigdomsgrensa, dei har ikkje nok. Så er det mange organisasjonar som hjelper rundt jul, men så er det litt stille resten av året.

Ho fortel at eldre sel medisinane sine for å få råd til mat.

– Sånn er det faktisk, sjølv om me bur i Noreg.

Monsen leitar etter ting ho kan ta med i gebursdagskassen. Foto: Monica Skjelanger Reknes

Utanforskap er alvorleg

Monsen seier at mange av dei som tek kontakt har barn.

– Når dei møtest på skulen så spør dei gjerne kva dei fekk til jul eller i påskeegget, og så står dei der.

– Dei har heller ikkje råd til klede. Fretex skulle jo vere ein stad der dei med dårleg råd kunne gå innom for å få billege klede, men det er blitt like dyrt.

I lysthuset ligg det mange sekkar med klede, fint sortert etter storleik og type.

– Folk vil veldig gjerne hjelpe og er flinke til å gje, både pengar og anna. Akkurat no er det to gebursdagar eg skal lage ein gebursdagskasse til. Dei ekstra kronene til å feire gebursdag er berre ikkje der, verken til feiring eller gåve.

Då får dei ein kasse med utstyr av Alverhjelpen.

– Her får dei det dei treng av klede, koppar, fat, mat og gåver. Og så fekk me små sjokoladar slik at dei kan ha litt godteposar til selskapa.

Kor mange er det snakk om som treng hjelp?

– Kvar veke får me inn mellom fem til ti søknadar om hjelp.

Her er ein av juleposane Alverhjelpen delte ut til menneske som slit med rus. Foto: Monica Skjelanger Reknes

Hjelper dei som slit med rus

Sissel driv Alverhjelpen saman med Oddveig Høgstein, Michelle Meland og Reidun Eikanger Kvalø.

– Me har og eit samarbeid med Frelsesarmeen der me får smørje matpakkar hjå dei i Bergen, og så deler me ut mat, juleposar og klede til dei som slit med rus. Det er i Bergen, men det er og der dei lokale er.

– Då slår me av ein prat med dei, og dei er så hyggelege.

Om nokon vil hjelpe, følg med på Facebook og ta kontakt med dei der. Foto: Monica Skjelanger Reknes

Har fått lager av kommunen

Alverhjelpen håpa på ein ny stad å få vere, og fredag kunne dei flytte inn i det nye lageret. I tillegg vil fleire butikkar hjelpe.

– No har fleire butikkar sagt ja til å sette fram ei handlevogn med ein plakat, der folk kan legge ting dei har handla og som dei vil gje vekk, seier Monsen.

Sissel Monsen utanfor det nye lokalet som ligg sentralt Kvassnesvegen 3, rett under Mama Rosa, der Vinmonopolet var før. Foto: Privat

Kva tenkjer du om dei som seier at det berre handlar om prioritering?

– Dei som tenkjer slik har ikkje opplevd dette sjølv og vore i dette systemet.

Monsen meiner dette har innverknad på den psykiske helsa.

– Folk vert sjuke av å ha det sånn. Eg håper fleire vågar spørje om hjelp, avsluttar Monsen.