KUTTPOTENSIAL: Rådmann Ørjan Raknes Forthun og administrasjonen meiner det skal vera muleg å kutta i driftsutgifter samtidig som ein opprettheld eit godt tenestetilbod.

I sitt framlegg til budsjett for 2017 og økonomiplan for perioden 2017 til 2020 skriv rådmannen at driftsutgiftene må ned dei kommande åra om ein skal klara å betala for investeringane.

Dei store prosjekta som kjem for kommunen er nye barneskular i Knarvik og Alversund, begge med plass til 450 elevar, og ein ny skule for Eikanger/Kløvheim på litt under halve storleiken. Vidare skal det byggast idrettshallar både i Knarvik, Alversund og på Ostereidet, og kommunen skal også driva vedlikehald og gjera mindre utbyggingar av både andre skular enn dei nemnde og kommunale bygg som bustader og kontor.

Dermed må driftsutgiftene ned for å skapa rom for å betala renter og avdrag på investeringane. Dette har også rådmannen nytta høvet til å presisera fleire gonger ettersom politikarane i løpet av hausten har vedteke skuleprosjekt og idrettsplan med tilhøyrande økonomiske følgjer.

Ingen store overraskingar

I budsjettframlegget frå rådmannen er det ingen store overraskingar, før politikarane får bunken til handsaming torsdag 24. november. Budsjettet skal til kommunestyret i desember for endeleg avgjerd.

Lindås har dei siste åra gjort om på arbeidet med økonomiplanen, og det gjer prosessen meir føreseieleg enn tidlegare. Dei lange linjene vert klare seint på våren, og det er slutt på formannskapet sine eksilreiser til Fleischers Hotell på Voss, der store prosjekt vart spikra eller sletta i løpet av nokre hektiske møtedagar.

Endringa i arbeidsmåte betyr også at rådmannen kan spara seg å bruka tid på å utgreia og lansera framlegg som det uansett ikkje er politisk dekning for, som til dømes eigedomsskatt på hus og hytter. For nokre år sidan vart dette rutinemessig teke opp frå administrasjonen si side. Dei har ansvar for å legga fram eit budsjettframlegg med økonomisk tryggleik, men det vart like årvisst skote ned av politikarane.

Kuttar i skulen

Samstundes som Lindås skal investera tungt i tilbodet til barn og unge med nye skulebygg og idrettsanlegg, så vert det kutt i talet på lærarar. For kommunen er dei tilsette den største utgiftsposten, så dersom det skal sparast er det vanskeleg å komma utanom oppvekst og pleie/omsorg.

Målet er å kutta drifta med femti millionar kroner i kvar fireårsperiode, noko ein har klart å innfri delmåla for dei siste åra. Målet for 2017 er å kutta drifta med 13 millionar, der størstedelen fell nettopp på dei nemnte sektorane oppvekst og pleie/omsorg.

Lindås får heller ikkje hjelp av statsbudsjettet 2017. Der er det lagt opp til ein auke på 1,9 prosent i dei frie inntektene, som er under regjeringa sitt eige anslag for kostnadsvekst i 2017. Den er på 2,5 prosent.

Det er vel knapt nokon som vil seia at dei kommunale tenestene er for gode. Men med gode eigedomsskatteinntekter (i alt 163 millionar i året), særleg frå industrien kring Mongstad, så har Lindås hatt eit driftsnivå som har vore dyrare enn andre kommunar som administrasjonen finn det naturleg å måla seg mot. Det gjer at rådmannen meiner det skal vera mogleg å redusera driftsutgiftene samstundes som tenestene er på eit bra nivå.

Halvannan milliard

Når det skal lånast pengar til store investeringar framover betyr det at gjelda veks, og ved utgangen til 2020 er det berekna at kommunen vil skulda 1,62 milliardar kroner. Dette er utan formidlingslån som kommunen formidlar på vegner av Husbanken, den gjelda er det dei enkelte låntakarane som må betala renter og avdrag på.

Rådmannen noterer også i budsjettframlegget at det må ventast ein renteauke i løpet av dei kommande åra. Renta er låg i dag, men med tretti års løpetid på nye lån kan ein ikkje rekna med å «låna gratis» i heile nedbetalingsperioden.