Planarbeidet er i gang for ei ny vegløysing mellom Flatøy og Eikefettunnelen. Enno er det langt fram før den første salven vert sett av for dette prosjektet, i denne omgang er det høyring på planprogrammet. Har du ein uttale eller eit innspel til planprogrammet må du senda e-post til firmapost-vest@vegvesen.no, merka «Sak 15/204805 Kommunedelplan E39 Flatøy–Eikefettunnelen», innan 20. desember.

Vegvesenet har ein tidsplan som tilseier at planprogrammet skal vera vedteke i januar/februar 2017, og så skal dei bruka resten av det året til å jobba med planen. Vidare er det lagt opp til at sjølve vegplanen skal på høyring våren 2018, med vedtak på hausten 2018. Og så må den viktigaste jobben gjerast, å skaffa pengar til å gjennomføra det omfattande prosjektet.

Svingar rundt Knarvik

I dei eksisterande vegplanane er det lagt opp til at E39 skal gå i tunnel under Knarvik Senter, frå Hagelsundbrua og rett austover til ein kjem forbi senterområdet. Frå eit felles spaghettikryss ved brua er det så planlagt at fylkesveg 57 skal gå i tunnel under «Gymnastoppen» og til Isdal.

No opnar Statens vegvesen for at desse to prosjekta kan sjåast under eitt, ved at trafikken på E39 vert ført eit stykke nordover før den svingar på aust. I dei traseane som overlevde den første silingsprosessen er det to alternativ som ser E39 og F57 under eitt, medan dei to andre går for eigne E39-tunnelar meir rett aust frå Hagelsundbrua. Men begge dei to siste svingar utanom senteret, og ein unngår «djupe problem» i dagens planar for utvikling av senterområdet, der underjordiske parkeringsanlegg og E39-tunnelar konkurrerer om den same plassen under bakken.

Ikkje neste år

Som ein raskt forstår ut frå dimensjonane av dette arbeidet, er ikkje dette vegstrekk som vil stå klare før 2020. I høyringsbrevet vert det vist til at E39 mellom Flatøy og Eikefettunnelen inngår i satsinga på utbetra og Ferjefri E39, som ein del av nasjonal transportkorridor 4 mellom byane Stavanger, Bergen, Ålesund og Trondheim. Det er venta ein vesentleg trafikkauke på E39 mellom desse byane med ein ferjefri trasé, kring 2050. På kortare sikt er det enkelte deler av strekket mellom Knarvik-Ostereidet som er høgare prioritert enn andre. Dette er å løysa trafikken gjennom Knarvik der dagens løysing ikkje er reknast som akseptabel, å utbetra Mundalsbergtunnelen (arbeidet er i gang), og å få til gang-/sykkelveg frå Knarvik til Leknes (vert ikkje løyst gjennom dagens arbeid i Mundalsbergtunnelen, der sykling er lovleg men knapt å tilrå).

Høgare fart

På dagens E39 er farten i år sett ned til 70 kilometer i timen frå Gjervik og heilt til aust for Bjørsviktunnelen, som eit tiltak for å betra trafikktryggleiken. På heile strekket mellom Knarvik og Eikefettunnelen er det 29 kryss eller avkjøringar, med ei ny vegløysing som skissert vil det vera betydeleg færre kryss, i tillegg at både kryss og trasé elles vil vera tilrettelagt for ei høgare fartsgrense. Med færre svingar, kortare veg og høgare fart ligg det dermed an til at Lindåshalvøya kan passerast på færre minutt enn i dag.

Frå 1973

Strekninga vart ein del av hovudvegnettet på Vestlandet etter at Eikefettunnelen vart opna i 1980, eit prosjekt som sende trafikken via Romarheimsdalen nordover. Mundalsbergtunnelen vart opna i 1973, og vegstrekket like aust for denne var også klar då. Resten av strekket mellom Mundalsberget og Eikefettunnelen er stort sett bygd i perioden 1980-1994, og har altså blitt såpass utdatert at fartsgrensa er sett ned frå 80 til 70 kilometer i timen.

Trafikkveksten har vore stor, ser ein isolert på Knarvik har veksten vore på 8000 kjøretøy i snitt kvart døgn året rundt (årsdøgnstrafikk/ÅDT) i 2000, til nesten 17.000 i 2015.