Uvêret: Ras, stengde vegar og ferjeinnstilling

Laurdag kveld gjekk eit «ganske betydeleg ras» på fylkesveg 391 mellom Leknes og Vaet.

Publisert:

  • Kristina Bøland
Denne artikkelen er over ett år gammel

Fylkesveg 5452 (tidl. 391) mellom Leknes og Vaet i Lindås vart stengt for større køyretøy på grunn av eit «ganske betydeleg ras», opplyste trafikkoperatør Monica Øksengård i Vegtrafikksentralen til BT laurdag kveld.

Vegen opna igjen søndag formiddag.

NVE melde i helga oransje farenivå for jordskred, flaum og kraftige vindkast ei rekke stader i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Uvêret førte ikkje til alvorlege hendingar natt til søndag, men fleire vegar er stengde på grunn av ras eller rasfare.

Mange stadar vart meld om mykje vatn i vegbana på Vestlandet.

– Skal du ut å køyre så kan det vere lurt å ta ein ekstra kikk på vêrmeldinga, og følgje med på trafikkmeldingar på 175.no, oppmoda trafikkoperatør på Vegtrafikksentralen, Tore Tysse.

Ferjestrekninga Leirvåg–Sløvåg vart også innstilt på grunn av uvêret.

Les også: Uvanleg stor fare i helga: – Det er venta mange skredhendingar

Publisert:

Les også

  1. Mange vegar får nye nummer

Mest lest akkurat nå

  1. Kommunen bad grunneigar brenna dette. No er fylkesmannen kopla på

  2. Faren blei dømt for å ha valdteke si fire år gamle dotter

  3. To bilar i krasj på Holsnøy

  4. – Må leggje meir til rette for sykling

  5. Slakteri ville skyte oter. Fekk avslag

  6. Fjernar lokale koronatiltak

  1. Lindås
  2. Ras
  3. NVE